FSI – ANGA FK 1-2

Anga på veg til kamp. Dei fleste var heller ikkje søvnlause under kampen i dag!

Fotballkampen som sovna i første omgang og våkna i andre – Ein komedie på eit underlag like tørt som eit nedstøva flygel!

Kampen mellom FSI og Anga FK hadde kanskje før start ein ganske så stor favoritt. I det som kun var poeng på tabellen var det slettes ikkje ein selfølge at Anga skulle få det enkelt. Og det starta som om Angaspelarane hadde blitt invitert til eit søvnparty. Første omgang var prega av ein pasningskvalitet eit utdrikkingslag verdig. Det var meir action i ei tekanne enn på bana. Det var svakt, fryktelig svakt.

FSI tok leiinga tidlig i kampen etter at Anga-forsvaret hadde teke ein liten siesta. Backlinja sto like godt organisert som eit barnetog på sjølvaste 17.mai og Nazar Atai fekk tillatelse til å sette opp ein campingstol og lage ein kopp kaffi før han scora. 1-0 til FSI.

Anga-spelarane, på si side, hadde tydeligvis brukt første omgang til å telle sauer i hovudet. Og jammen måtte ein telle mange sauer som samanlikning for alle feilpasningane som vart utført i Hafstadparken.

Pausepraten vart difor ei enkel oppgåve for vår evigunge manager Arthur Norevik. Pasningskvaliteten måtte opp maaaangen hakk og forflyttning pluss tempo på ballen var nøkkelord.

Andre omgang: Anga vakna opp frå sin fotball-koma

Heldigvis hadde Anga-spelarane enten fått ein god kopp kaffi i pausen, eller kanskje nokon hadde slått dei i hovudet med ein fiskepåle for å vekke dei opp. For andre omgang startet som ein heilt anna kamp.

Anga FK gikk rett i angrep fra avspark, og det tok ikkje meir enn nokre få minutter før dei utlignet til 1-1. Målet kom etter en vakker pasning frå René Haugen som fann Sondre Søderholm i bakrom. Innlegget vart ekspedert til Sander Dvergsdal som avslutta slik han har gjort hundre gongar før.

Anga var eit heilt anna lag i starten av 2.omgang. Pasningskvaliteten sat bedre og ein fekk flytta beina hurtigare enn i 1.omgang. Anga hadde ganske solid overtak og var nerme fleire skoringar, men ein makta ikkje å setje ballen i mål.

Etter 65 minutt vart løpsmaskina Ørjan Harjo spelt igjennom. Han blir felt utvilsomt (Ut-I?nnanfor) Vi veit ikkje, men mannen i grønt peika ihvertfall på straffemerket. Det tok nokre minuttar før straffen vart teken, då Anga hadde bestemt seg for å halde eit personalmøte på 16.meteren. Kven skulle ta straffen var på agendaen og rundt flokka det seg ivrige sjøløver på jakt etter fangst. Til slutt er det Sondre Søderholm på ekte Frodo Baggins vis som tek på seg byrden. Igjennom Mordors hav av svartkledde FSI spelarar legg han ballen ned. I eit kort tilløp skyt han rett og slett ballen knallhardt og lovleg høgt midt i mål.

2-1 til Anga eit faktum! Kunne det bli meir? Svaret er nei. Riktignok har vi ballen på innsida av streken etter eit makalaust skot frå Sondre, men vi får beskjed etter kampen at VAR hadde tekniske problem.

FSI prøvde å svare, men dei vart møtt av eit Anga-forsvar som var meir ugjennomtrengeleg enn bankhvelvet til Sparebanken Sogn & Fjordane.
Anga gjekk frå å være kalkunar i 1.omgang til løver i 2.omgang. Likevel sit eg med eit inntrykk av at dette var årsverste og eit tilbakesteg frå dei to førre kampane våre.

Me har igjen 3 kampar av sesongen, men ingenting er sikra med tanke på gull i divisjonen. Vi må på treningsfeltet og øve. Uansett må det få lov å vinne på dårlege dagar også.

Til forståsegpåerane håpar eg de ser humoren i referatet og det vert presisert her og no at underteikna spelte kampen sjølv og at han slettes var ein av dei som sov tyngst i dagens kamp.

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.