Haustsamling 5. oktober 2024

Stad: Bygstadhallen

Tidspunkt: laurdag 5. oktober

Utøvarane må vere fylt 10 år i 2024 eller eldre for å sikre kvalitet i opplegget. Vi vil då søkje å tilpasse treninga ut frå alder og nivå på utøvarane. Ved påmelding er det fint om de kan seie noko om ferdigheitsnivået til utøvaren slik at vi kan planlegge litt i forkant.

Deltakaravgift: 350,-.

Påmelding kan gjerast via påmeldingsskjema på her: https://anga-fk.no/keeperloftet/#Trenarar eller samla via skjema i klubben du spelar i. Invitasjon er sendt ut til alle klubbane i Sunnfjord og vi håpar så mange som muleg kan delta, både nye og etablerte keeperar.

Ta kontakt med administrasjonen på e-post: keeperloftet@anga-fk.no om de har spørsmål, vil melde på ein utøvar eller er usikre på noko!

Aktivitet

Keeperløftet Sunnfjord legg opp til vintertrening og aktivitet i tre hovudgrupper

For vintertreninga skil vi ikkje på aldersgrupper medan for aktivitetane deler vi opp i tre hovudgrupper.

1. Rekruttering: Alder: 10-13 år.
2. Keeperløftet Sunnfjord: Alder: 14 år og eldre.
3. Keeperløftet Sunnfjord/Toppsatsing: Alder: 14

1 Rekrutteringsgruppa

Mål

Rekruttere dei yngste inn mot keeperløftet. Nå breiast mogleg ut og syne at det å spele keeper kan vere kjekt. Marknadsføre at Keeperløftet Sunnfjord kan dei bli ein del av om kort tid.

Fagleg

Trening basert på leik med fokus på enkle basisferdigheiter.

Aktivitetsnivå

Ei samling på våren og ei på hausten.

2 Keeperløftet Sunnfjord

Mål

Skape den beste lærings og utviklingsarenaen for komande og etablerte keeperar i regionen, og med det skape keeperløftet Sunnfjord. Med det gje meirverdi for klubbane i regionen og utøvarane.

Fagleg

Ha meir fokus på ferdigheiter og byggje opp utøvarane i basisferdigheiter som plattform for vidare utvikling. Opplegget skal tilpassast ulike nivå for keeperane slik at dei får best mogleg trening og tilbakemelding på sitt nivå. Søkje å følgje opp og ivareta kvar enkelt utøvar.

Aktivitetsnivå

To samlingar på våren og to på hausten. Søkje å få til faste treningar inne i løpet av vinter. Eventuelt sporadiske treningar etter ønske og behov.

3 Keeperløftet/Toppsatsing

Mål

Gje dei som ønskjer det mulegheita til å nå sitt fulle potensiale.

Fagleg

Tilpassa opplegg til kvar enkelt utøvar på sitt nivå, skreddarsydd mot det ein ønskjer å bli betre på. Skriftleg tilbakemeldingar til utøvar og «mor-klubben». Keepertrenar kan saman med sportsleg leiar og trenar i «mor-klubben» bidra med utarbeiding av vekeplanar for enkeltutøvarar.

Aktivitetsnivå

Individuelt ut frå avtale.

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.