Treningskamp mot Tambar

Det er 3 veker til seriestart og årets første treningskamp nærmer seg. Mandag 4/4 kl 20.30 møter vi Tambarskjelvar i Hafstadparken, som blir debuten for vår nye trenertrio Strøm/Norevik/Korsvoll. Etter fleire gode treningsveker begynner årets stall og setje seg, og pr nå er vi rundt 25 spelarar som blir med i årets sesong. Etter 2 år uten seriespel for Anga er vi rimelig spente foran årets sesong korleis vi ligger an i forhold til dei andre laga. Ein peikepinn får vi kanskje mot Tambar. Det har vore stor utskiftning av spelarar i stallen i år, så vi regner med det går nokon kamper før vi ser konturane av laget vårt. Vi vil vere tilstade på kampen og vil komme tilbake med bilder og referat fra kampen her på nettsida.

Lurer du på kven som er med i årets Anga-stall er det berre å klikke inn på vår lagside her: https://anga-fk.no/spelarar/ Her blir spelarane oppdatert etterkvart som dei er speleklare for vår klubb. Klikker du på spelarnavn finner du statistikk på spelar hos NFF.

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/hjem/?fiksId=170006
https://www.fotball.no/fotballdata/klubb/hjem/?fiksId=954

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.