Keeperløftet Sunnfjord ønskjer å skape den beste lærings og utviklingsarenaen for komande og etablerte keeperar i regionen, samt etablere eit godt keepermiljø på tvers av ulike klubbar og med samarbeid med NFF Sogn og Fjordane.
Keeperløftet Sunnfjord skal vere eit tilbod til alle i regionen, uavhengig av fotball-klubb og vil kome i tillegg til dei treningane ein allereie har frå før. Keeperløftet er ikkje i konkurranse med «mor-klubben» til spelarane, men skal i samarbeid med dei legge til rette for ei betre utvikling for kvar enkelt utøvar. På denne måten er det ein vinn-vinn situasjon for utøvar og «mor-klubb» og vil truleg bidra til eit keeperløft i heile regionen.
Vi vil legge til rette for og gjennomføre eit keeperløfte på tvers av klubbar. Setje keeperen på agendaen og ikkje minst få fleire til å ha det kjekt og trivast som keeper. Etablere Keeperløftet Sunnfjord for jenter og gutar i alle aldrar med fagleg opplegg tilpassa kvar enkelt utøvar. Ein skal bli sett, høyrt, føle seg ivareteke og få ei utvikling som gjer at ein får ut potensialet sitt. Ikkje minst ønskjer vi å ha eit nært og godt samarbeid med mor-klubb med tett dialog rundt utøvaren.
For å bli betre, treng ein å kjenne meistring. Vi skreddersyr treningsøkter og øvelsar basert på keeperens alder og ferdighetsnivå. Lang erfaring som keepertrenerar og aktive keeperar gir oss eit godt utgangspunkt for å kartlegge keeperane.
Vi synast det er utruleg viktig at lagets sisteskanse får kjenne at han eller ho er ein viktig del av laget. Vi legg stor vekt på at kvar enkelt keeper skal kjenne på dette i sitt lag eller i vår keepergruppe.
Å få fingertuppane på ballen som flyg mot krysset krever teknikk. I alle våre økter legg vi stor vekt på å utvikle og forbetre keeperane sin teknikk. Gjennom individuell veiledning og skreddersydde øvelsar skal vi gje dei unge dei beste verktøya for "å halde buret reint."
"Keeperen er ein eigen rase" heiter det seg, og historiene er mange om legendariske keeperar som er noko heilt for seg sjølv. Felles for dei alle er at dei er trygge på seg sjølv og sine ferdigheter.
Sjølv om økta eller helga er over, sluttar ikkje vår jobb. Saman med klubben, laget, treneren eller utøveren kan vi vere behjelpelige med eit skreddersydd opplegg over tid.
å kjenne på at ein er ein superhelt.Ingenting slår følelsen av å ligge oppunder tverrliggeren med ballen i fast grep, få fingertuppane på ein ball heilt nede ved stolperota eller å avverge eit skudd frå kort distanse med tigerraske refleksar. INGENTING!
Per Arne spelte fotball som ung, men gav seg på juniornivå og la fotballskoa på hylla. Når son hans seinare viste seg å vere eit keepertalent, snørte Per Arne på seg skoa att og byrja å bidra som keepertrener. Per Arne fulgte son sin som keepertrener både i Førde og i Eikefjord, men gav seg då sonen flytta til Bergensområdet for å gå på skule Per Arne har seinare bidratt som keepertrener for damelaget til Førde. I 2016 var Per Arne med på å starte Førde Keeperakademi. Per Arne har sidan utdanna seg til grasrottrener og innehar i dag NFF B lisens som keepertrenar.
Ottar byrja tidleg med fotball og stod alltid i mål. Ottar var ein lovande keeper og vart tidleg nytta som keeper hos dei eldre gutelaga. Ottar fortsatte som keeper på A-laget til Tambar fram til han byrja på skule i Førde. Då vart han henta til Førde som juniorkeeper. Ei skade sette Ottar på sidelinja og snart gav han seg som fotballspelar. Då son hans seinare byrja å spele fotball, bidrog Ottar som trenar for laget og tok seinare rolla som keepertrener. I 2016 var Ottar med på å starte Førde Keeperakademi og har sidan vore keepertrener for fleire lag i Førde, sone- og kretslag. Ottar har sidan utdanna seg til grasrottrener og innehar i dag NFF B lisens som keepertrenar.
Bjørn Andre har stått i mål siden han starta karriere som ung i Førde IL, har stått i mål på alle aldersbestemte klubblag og kretslaga.. Men la skoa på hylla i som 16 åring. Han blei overtalt som 20-åring å finne fram igjen hanskene og spille for Saga IL i 3 sesonger, før karrieren som speler var heilt over i 1998. Men starta opp igjen med fotball når han fikk barn, men då som trener. Der han starta utdanninga med NFF C – lisens i 2015, Dømmertreneren 2019, UEFA – B og NFF – B Keeper 2021 og skal til på UEFA Youth B 2023. Bjørn Andre har trent gutelag og jentelag frå 7 år og opp til 16-17 år sidan 2011. Dei siste åra som hovudtrenar på aldersbestemte jentelag i Førde.