Førdekameratane skal vere ein møteplass for ungdom og voksne, som alle er glad i fotball. Gruppa vil ta vare på ungdomar i ungdomstida, ha sunne interesser, samhald blant sine kameratar og bli kjent med nye mennesker. Integrering av våre nye landsmenn og smelte saman kulturar i ei felles fotballglede. Skuleungdom og voksne som flyttar hit frå andre kommunar, har ein felles arena og felles interesser, og utvikling sosialt. Her er ingen krav til fotballmessige ferdighetar. Like vilkår for alle medlemmar uansett nasjonalitet. Dei eldste påtar seg gjerne ein mentor-rolle til dei yngre, som er utviklande for alle partar.
I Førdekameratane skal vi bry oss om og ta vare på kvarandre. Vi skal by på oss sjølve , være ærlige og interessert i andre mennesker. Vi skal skape fotballglede og ha det gøy i fellesskap. Gje moglegheit : Medlemmar skal få moglegheit å trene og kome i form. Hente ut sein utvikling og skadar/sjukdom som ungdom, og la dei få utvikle seg i sitt eige tempo. Ha god helse, fysikk og sosialt i sportslig fellesskap. Vi vil gi moglegheit til dei som utviklar seg og som er treningsvillige , å gå vidare til andre klubbar.