Tirsdag er det seriestart i 6.div der Anga reiser til Skei Storhall og møter Jølster2. Siste seriekamp for Anga var 15.oktober 2019, så det er på høg tid å kome i gang att! Då passar det bra å starte med å slå jølstringane i deiras eiga storstove.
Etter korona-nedstenginga vart det gjort forsøk på å stille i 6.div. hausten 2021, men det let seg dessverre ikkje gjere. I år ser det betre ut der laget har trent godt i fleire veker, og fått spelt ein treningskamp mot Tambarskjelvar.
Vi ynskjer alle laga lukke til i sesongen, og håpar at folk møter opp og heiar på oss !