Oppsummering av vårsesongen og starten på haustsesongen

Etter å måtte bite i det sure eple i fjor og måtte trekke laget frå seriespel, må eg innrømme eg var litt spendt på korleis årets sesong ville bli. Vi måtte starte litt med blanke ark, og bygge opp eit nytt lag. Heldigvis blei oppmøte på trening bedre og bedre utover våren, og ein del tidlegare spelarar fant fram lysta til å spele fotball igjen, i tillegg til nye spelarar. Etter litt startproblemer med tap i treningskamp før seriestart og tap i andre seriekamp,begge mot Tambar,så har det gått berre ein veg…oppover 👆
Det har komt nye spelarar til gjennom heile sesongen som har funnet seg godt til rette i laget.
Når eg skal oppsummere vårsesongen og starten på haustsesongen så er det kjekt å sjå på tabellen🤩 Anga FK leiar avdeling 3 i 6.divisjon med 3 poeng foran Tambar og vi har ein solid målforskjell. Sjå på det trekløveret her, det er ikkje mange lag som har eit slikt målhungrig angrep.

 

Til venstre Øystein Bøyum, i midten Sander Dvergsdal og til høgre Ørjan Harjo

Desse 3 har åleine scora fleire mål enn nokon av dei andre  motstanderlaga til saman. Øystein Stafsnes Bøyum 4 mål (kom til oss i slutten av mai mnd), Sander Dvergsdal 13 mål og Ørjan Øyren Harjo 14 mål. I tillegg har dei utallige assistar og spelar kvarandre gode. Desse har altså scora 31 mål hittil i sesongen, og dei har mykje meir å gje 💪⚽️ Rett og slett IMPONERANDE 🤩 No veit eg at det er andre utpå bana enn dei som scorar mål, men ein vinn ikkje kampar utan å score mål. Vil rose heile laget, nye og «gamle » spelarar, trenar Strøm og spelande hjelpetrenarar Bernt og Are Gunnar. Det er veldig kjekt å leie ein klubb med så mykje kjekke og flinke folk ⚽️💪🤩 Gledar meg til fortsettelsen. Tusen takk til kvar og ein som bidreg på og utanfor bana 🤩⚽️💪
Tysdag er det Tempo som kjem på besøk i Hafstadparken. Gledar meg allerede ⚽️

Sportsleg helsing frå Janne Karin, leiar Anga FK

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.