Anga – Tempo 4-0 (3-0)
Hafstadparken2 : tirsdag 23.08.2022 kl 19.30
- 1-0 Sander Dvergsdal 14.min
- 2-0 Ørjan Harjo 40.min
- 3-0 Ørjan Hoff Vikum 45.min
- 4-0 Sander Dvergsdal 90.min
Lagoppstilling Anga
Keeper | Andreas Jr Stokka |
Forsvar | Andre Njøsen Norevik |
Jon Atle Heggheim | |
Nicolai Knutson | |
Rene Ekroll Haugen | |
Midtbane | Robert Indrebø |
Marius Moe | |
Bernt Norevik | |
Angrep | Ørjan Hoff Vikum |
Sander Dvergsdal | |
Ørjan Harjo | |
Innbyttere | Asle Tonning |
Vegard Krøvel Flatjord | |
Karl Martin Opseth Norbom | |
Sindre Sandøy | |
Øystein Halbrendt | |
Ole Kristian Svalheim |
Solid seier i ein middels kamp
I eit nydelig spelevær i Hafstadparken var det duka for kamp mellom lillebror i Førde og Florø i 6.divisjon. Tempo gikk hardt ut og styrte mykje av spelet første halvtimen. Heimelaget mista ballen lett, slo dårlige pasningar og var for lite aggressive i motsetnad til bortelaget. Store avstandar i lagdelane til heimelaget gav mykje rom til motstandar som utnytta overtaket svært dårlig. Istaden scora Anga første målet etter 14 minutt ved Sander Dvergsdal, etter pasning fra Ørjan Harjo. Siste minuttane av omgangen scora Anga 2 mål inn mot pause, først ved Harjo etter en avklaring på hodet fra bortelaget sin keeper utanfor 16 meteren. Ørjan Vikum scora rett før pausesignalet på flott plassert skudd, etter pasning fra Marius Moe. 3-0 til pause.
2.omgangen vart egentlig ein transportetappe for heimelaget. Kampen var fortsatt jevn, men bortelaget kom sjeldan til store målsjanser, Anga derimot hadde fleire store muligheter til å punktere kampen. Målet lot vente på seg heilt til det siste speleminutt av ordinær speletid. Øystein Halbrendt gikk på eit flott soloraid gjennom det meste av spelarar på Tempo før han gav ein nydelig stikkar til Sander som scoret sitt 2.mål for kampen. 4-0 og kampen var slutt like etter. Nok ein gong viser det seg at Anga har dei giftigaste angrepsspelarane i divisjonen og det blir nok ein gong avgjerande for resultatet.
Dagens mest fornøyde Angaspelar var Jon Atle Heggheim med en fantastisk pasning fra egen banehalvdel til Harjo på høgrekanten i 2.omgang. Ballen gikk som eit prosjektil i lufta og landa på skolissene til Harjo på løp. Denne pasninga er jo ferdigscora meinte han, men uheldigvis vart det ikkje mål på denne sjansen.