Vintertrening Keeperløftet Sunnfjord

Stad: Førdehuset i hall 3 (innerst mot ungdomskulen)

Tidspunkt: torsdagar kl. 1530 – 1630
(man må vere klar å starte presis) 
Oppstart: 10. november 

Deltakaravgift: gratis. 

Ein kjem inn i hallen ved å gå rett fram forbi resepsjonen og inn i hallen og til høgre.

Garderobane er nede i kjellaren
Garderobe 1 er felles jentegarderobe 
Garderobe 2 er felles for gutar og også nytta som gjennomgangsgarderobe

NB! man må ikkje la verdisaker ligge att i garderobe – ein er sjølv ansvarleg for verdisaker!

Vi kjem til å bruke Spond som kommunikasjonsplattform der alle som vert med vert lagt inn i ei gruppe. Vi kjem til å krevje at alle som vert med gir melding om dei kjem eller ikkje på treningane, slik at dette vert forutsigbart og at det er nok treningsressursar tilgjengeleg. For dei yngre tenkjer vi at det vert foreldra som vert lagt inn i Spond.

Ta kontakt med administrasjonen på e-post: keeperloftet@anga-fk.no om de har spørsmål, vil melde på ein utøvar eller er usikre på noko!


Aktivitet

Keeperløftet Sunnfjord legg opp til vintertrening og aktivitet i tre hovudgrupper

For vintertreninga skil vi ikkje på aldersgrupper medan for aktivitetane deler vi opp i tre hovudgrupper.

1. Rekruttering: Alder: 10-12 år.
2. Keeperløftet Sunnfjord: Alder: 13-16 år.
3. Keeperløftet Sunnfjord/Toppsatsing: Alder: 14+

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.