Anga-Fure 6-1 (4-0)
Hafstadparken 1 : lørdag 11.02.2023 kl 15.00
- 1-0 Stian Fauske Viken 16 min
- 2-0 Ørjan Øyren Harjo 20.min
- 3-0 Bernt Norevik 22.min
- 4-0 Stian Fauske Viken 45.min
- 4-1 Fure
- 5-1 Thristan Engebø Ullebø 65. min
- 6-1 Bernt Norevik 82.min
Lagoppstilling Anga
Keeper | Andreas Jr Stokka |
Forsvar | Jarle Eikenes |
Jon Atle Heggheim | |
Are Gunnar Korsvoll | |
René Anthony Haugen | |
Midtbane | Marius Moe |
Bernt Norevik | |
Sindre Sandøy | |
Angrep | Ørjan Øyren Harjo |
Stian Fauske Viken | |
Asle Tonning | |
Innbyttere | Thristan Engebø Ullebø |
Anders Norevik |
Det var lite som tyda på det skulle bli treningskamp i Hafstadparken fredag kveld , når snølaget låg jevnt over heile bana. Men i løpet av natta forsvann snøen og grasmatta låg fin og innbydande til kamp mot Fure.
Kampen vart stødig leda av Anga sin nysignerte dommar Emir Bulduk, som dømte sin første 11er kamp, og besto med glans.
I første omgang var det stort sett spel mot ett mål, der Fure prøvde å tette igjen så godt som mulig, men 2 mål av Stian Fauske Viken og 1 mål kvar av Bernt Norevik og Ørjan Øyren Harjo gjorde til ein komfortabel ledelse til Anga til pause.
Etter pause sjokkåpna Fure med å score ett flott mål etter corner og gav kampen nytt liv. Utover i kampen vart det mange slitne bein, kondisen er ikkje ennå på topp og taklingane traff ikkje alltid der dei skulle. Anga sin innbyttar Thristan E.Ullebø kom inn litt ut i 2. omgang og scora dagens flottaste mål på eitt langskudd klint i vinkelen, uttagbart for den ellers gode keeperen til Fure, Eivind Grytøyra. Siste målet kom ved Bernt etter eit flott gjennomspel åleine med keeper.
Ein lovande start for Anga som manglet fleire spelarar til denne kampen. Når alle er på plass, så ser det ut til å kan bli ein sterk stall i år.