Endeleg seriestart i 6.divisjon og for ein rysare av ein fotballkamp det skulle utarte seg til å bli. Berre nokre dagar før møttes desse to laga i ein treningskamp som for mange var like kjedleg som å sjå progresjonen i tiltak 10 i Førdepakken.
Dagens motstandar, eit FSI lag som sannsynlegvis ruva like høgt som Ullsentralen til saman var nok innstilt på å gi Anga juling i alle variasjonar og helst selje seg dyrare enn Godteributikken i sentrum.
Oksane frå studentmiljøet i Førde hadde i allefall fysikken til å sende Anga sine spelarar på intensiven.
Mannen i «gult» for anledningen som trudde heimelaget var kledd i lilla måtte ta oppvarmingen sin inn i garderoben på jakt etter ein anna farge. Pipeblåsaren frå Jølster kom ut som ein ansatt i Statens Vegvesen og fløyta som han har brukt sidan 1948 vart overraskande nok ikkje brukt så mykje i denne kampen. Ragnar «Raggen» Aamodt hadde stålkontroll både på oksane og dagens gjester.
Kampen er i grunn over etter 1 omgang, der Anga leia komfortable 6-0 . Det var stor klasseskilnad på laga og det var eit våryr Angalag som verkleg sprudla offensivt.
1-0: Jon Atle «Jånni» Heggheim stiger til værs på ein utsøkt slått corner frå Ørjan Harjo. At Anga i det heile tatt skulle skore på corner mot Titanane på heimelaget spelte i alle fall ikkje eg odds på før kampen.
2:0: Sander Dvergsdal. Storskoraren og årets spelar for Anga i fjor får avslutta på utsøkt vis etter eit flott frispark frå Bernt Norevik.
3-0: Ørjan Harjo. Rett og slett ei perle! Curlar ballen i lengste frå 22,5 meter. Ein ekte signaturskoring frå den rappfota, men tidvis beskjedne karen.
4-0: Jon Atle «Jånni» Heggheim. Igjen er Heggheim framme og prøvar å utlikne høgdeforskjellen på corner og jammen er han ikkje frampå igjen og set sin andre for dagen. Ryktene seier at han på dåværande tidspunkt var meget glad for å være toppskorar.
5-0: Jackson «Jaxx» Bayubahe dansar seg igjennom FSI sitt forsvar, spelar ut til ein ikkje navngitt spelar og får den att og setter den kontrollert bak ein fortumla FSI keeper.
6-0: Jackson «Jaxx» Bayubahe legg på til 6-0 etter eit vakkert gjennomspel frå kaptein Norevik.
PAUSE I HAFSTADPARKEN
I pausen er det tempo og ”directness” som får mest oppmerksomheit og Arthur er veldig tydeleg på kva han ønskte meir av. Og med nytrekt kaffi frå Jon Atle sprutar det rein idrettsglede i årene hjå dei fleste.
7-0: Sjølvmål – Innlegg frå Harjo som treff ein FSI spelar og som går i mål.
8-0: Sander Dvergsdal, og sjølvsagt måtte det bli målkongen frå i fjor som fekk æra av å setje siste for Anga.
8-1: FSI hadde ikkje mange sjansar i denne kampen, men dei fekk eit mål 4 minutt på overtid. Frispark som går over og igjennom samtlige. Ei flott skoring.
Underteikna trekk fram alle i dagens kamp. Dette var ein lagsiger av høgaste merke. Likevel lyt ein trekkje fram keeper Andreas Junior Stokka som har eit par kanonredningar, der den eine er i verdsklasse. Elles er det også med godt samvit at Jon Atle «Jånni» Heggheim får bestemannsprisen i dag for to skoring år, viser ein enorm ro med ballen i beina og har full kontroll defensivt. Arthur legg ein bunnsolid strategi.
Me skal også ikkje gløyme debutantane som får sin fyrste kamp i Angadrakt i dag. Jackson «Jaxx» Bayubahe, Stian Fauske Viken, Kasper Holme, Ammar Zovko, Sander Hoff Vikum, Mathias Sætre Nydal og Piotr Zdzislaw Janar. Flotte innhopp som innbyttarar alle saman.
Kjekt at det også kom ein del tilskodarar til kampen i dag. Sjølv om det ikkje vart poeng for FSI i dag, kan dei trøyste seg med at gode medstudentar kjem og heiar på dei.
Anga er i gong og dei blir ikkje enkle i år! Til motstandarlaga vert det anbefalt å ta med seg pulverapparat og sette denne ved stolpen ved avspark.
Anga:
Andreas Junior Stokka
Nicolai Knutson
Jon Atle Heggheim
Vegard Krøvel Flatjord
René Anthony Ekroll Haugen
Sindre Sandøy
Jackson Bayubahe
Bernt Marifjæren Norevik
Sander Dvergsdal
Ørjan Øyren Harjo
Stian Fauske Viken
Innbyttere:
Kasper Holme
Ammar Zovko
Sander Hoff Vikum
Jonas Njøsen Hilding
Mathias Sætre Nydal
Piotr Zdzialaw Janas
Neste kamp er heime mot Florø 3 i Hafstadparken er 9.mai kl: 19:00