Året er 1974 og med Michael Jackson som frontfigur vart «Hallelujah Day» ein slager for bandet Jackson 5. I dag vart dei frammøtte vitne til ein ny Hallelujah Day. Denne gong sto soloartist Jackson Bayubahe fremst på scenekanten. Han gav seg ikkje før han hadde 5 mål i lomma.
Florø-keeper Sivert Orheim var sannsynlegvis den spelaren som hadde dei mest urettferdige arbeidsforholda i dagens kamp. Heile 10 skoringar måtte hentast ut av eit brennande nett og eg trur jammen unge Orheim var svett igjennom samtlege 90 minutt.
Anga åpna kampen best og var allereie etter 1 minutt i målgården til Florø 3. Sjansar frå både Stian Viken (bildet over), og Ørjan Harjo kunne fort sendt heimelaget i tidleg føring, men ballen fann eit anna nett, nemleg det litt større bak mål. Minutt nummer 3 i kampen var Jackson på farten og satte inn 1-0 til Anga.
Etter totaldominans dei fyrste 10 minuttane burde Anga leda med fleire mål. Det tok ikkje lang tid før 2-0 kjem og igjen er det Jackson. Frispark frå 18 meter, curla han ballen i lengste kryss. Vakkert mål.
Berre minuttet seinare står det 3-0. Ein viss venstreback hadde teke valget om å la forsvaret vere i undertall og nedprioriterte den defensive oppgåva si. Det skulle han ikkje angre på. For på innlegg fra Harjo, kjem unge Haugen som eit prosjektil i feltet og treff klokkereint og skorar bak ein utspelt Orheim i Florøburet. Skoringa var nok det flottaste hittil i følge «forståsegpåerane».
Anga kontrollerte kampen brukbart i 44 minutt, då dei slepp Florø 3 inn i nokre unødvendige overgangar. På overtid lurar Andreas Sagen Sundal seg forbi forsvaret til Anga og reduserer til 3-1. Det var det siste som skjedde i omgang 1.
Pausepraten er ein reprise frå kampen mot Førde Studentidrettslag. For mykje føring av ball og for mangen oppspel i ingenmannsland var noko som måtte forbetrast i 2.omgang.
I starten av 2.omgang var Angaspelarane på ferie. Dei fyrste 20 minuttane blei Anga pressa bakover og Florø varta opp med masse flotte kombinasjonsspel som resulterte i enda ei redusering. Bror til førstnevnte målskorar for Florø, Daniel Sagen Sundal avslutta frå kloss hold etter ein corner. Florø 3 fekk ein skikkeleg medisin-innsprøyting.
Ingenting såg ut til å fungere dei fyrste 20 minuttane. Det vart store avstandar og Florø fekk på merkeleg vis spelt seg igjennom midtbana ved fleire høve. Etter 66 minutt klarar imidlertid Anga og komme seg rundt på kant og ballen blir slått inn til storskorer Sander Dvergsdal som aukar leiinga til 4-2. Derifrå og ut er det god natt og god tur ut att til Kystbyen for Florø.
Måla rann inn bokstaveleg talt. Asle Tonning legg på til 5-2 etter ei heading der spensten og utførelsen av hoppet ville kvalifisert til eit godt resultat i høgde. Desverre for Asle fekk han ei skade i skuldera som gjer at han no vil ha ein pause på nokre veker.
Jackson som allereie hadde 2 frå før legg på til 6-2, før Piotr Janas nokre minuttar seinare kontrollerer inn 7-2 frå 16.meteren. Jackson var ikkje heilt ferdig for dagen og auka leiinga til 8-2. Florø 3 får ei redusering etter eit ganske unødvendig balltap i eige forsvar. Kaptein Bernt Norevik fekk selfølgelig vere med på Sirkus og putta 9-3 for heimelaget.
Og på overtid får Anga straffe som Jackson ekspederer i mål. 10-3.
Det var klasseforskjell på laga i dag og for Florø 3 er nok dette veldig kjedelig. Anga har dermed på to kampar skora heile 18 mål. Dagens mann på Anga vert det ingen debatt på. Jackson 5, som no er oppe i 7 skoringar på to kampar får banens beste og leverer på eit høgare nivå enn 6.divisjon.
Me ynskjer Florø 3 lykke til vidare og det blir nok ikkje lenge før me treffast igjen.