Anga som i løpet av dei to fyrste kampane hadde smadra både Førde Studentidrettslag og Florø 3 hadde store planar om å auke leiinga i 6.divisjon, men mot eit fysisk tungt Tambarskjelvar tapte Anga heile 5-3 i det som kan beskrivast som ein merkeleg kamp.
1.omgang er det Anga som er det førande laget spelemessig, men framfor mål er Tambar giftigast dei fyrste minuttane. Likevel er det Anga som tek ei oppskriftsmessig leiing på Naustdal stadion. Ein kjempecorner frå Ørjan Øyren Harjo treff pannebrasken til Angatoppskorar Jackson Bayubahe som headar ballen kontant i nota.
Anga trillar ball store delar av fyrste omgang, men vart utfordra mykje ved at Tambar slo ein del langt i bakrom i tilegg til mykje føring av ball og brudd i mot. Det skulle betale seg for vertane som utliknar ved eit fint angrep. Berre nokre minuttar seinare aukar Ørjan Øyren Harjo til 1-2 på eit fantastisk skot. Han gjer alt sjølv, og bankar ballen i tverra og i mål.
1-3: Anga får ein corner og René Haugen sler ein presis ball inn og treff dagens Angaspelar Sondre Søderholm si panne. Han headar ballen hardt i mål bak ein sjanselaus Thomas Dobbe i Tambar-buret.
Anga går til pause med ei fortent leiing, men som i dei føregåande kampane var det ein del å rette på.
2.omgang er eit einaste stort mareritt for Anga, som tapar heile 4-0. Måten ein tapar kampen på i dag handlar om mykje, men balltempo, presisjon, duellkraft og at ein slepp inn alt for billige mål er årsaken til at Anga reiser heim med 0 poeng.
Tambarskjelvar kjempa Anga ut av stilen og ein makta ikkje å produsere dei heilt store sjansane. Stygge ballmist som ga store rom for kontringar utnytta Tambarskjelvar til det fulle.
Vi visste godt på førehand at Tambarskjelvar var eit fysisk robust og godt organisert defensivt lag og dei mura igjen det som var dei siste 25 minuttane i håp om redusering. At Tambar vinn 5-3 i dag er eit heilt fortjent resultat ser ein på det spelemessige.
At rutinerte Rolf Kåre Almenning ikkje dømmer offside på 4-3 til Tambar er for meg endå ei gåte, men det er litt slik i 6.divisjon uten linjemenn og vi har akseptert at slik blei det denne gong.
Anga har ein jobb å gjere framover og det er viktig å sjå fram til neste kamp som er mot Tempo heime i Hafstadparken 6.juni. Eit nytt tøft oppgjer mot eit fysisk godt lag.
NB! Me takkar Tambarskjelvar for ein fantastisk fin gest der dei serverte frukt til gjestane i pausen. Dette set me stor pris på ! I tilegg var det mykje folk på tribunene som kosa seg. Dei fekk godt betalt i kveld.
Kampfakta frå kampen