ANGA FK – TEMPO 3-2

Naudetatane var på plass for å sikre god tryggheit og rammer rundt kampen mot Tempo i dag. Verken legesjekk, pulverapparat eller håndjern var nødvendig i dag, men 2.omgangen til Anga får også i dag god spalteplass i det som vart ein sliteseier til slutt.

1-2-3 Anga brøler spelarane saman med kaptein Norevik som sopran i førarsete rett før avspark. Anga hadde verkleg bestemt seg for å revansjere sjokktapet mot Tambar i forrige runde og det tek ikkje meir enn 17 sekund av kampen når Anga går rett i angrep. Stian Viken finn Nicco Knutson perfekt i bakrom, der sistnevnte på elegant vis curlar ballen forbi sisteskansen til Tempo. Raskare mål enn Gundogan mot Manchester United i helga er noko å ta med seg for den unge mannen som leverer brød til svoltne Sogningar kvar dag.

Perfekt start på kampen og det er Anga som er friskast dei fyrste 10 minuttane. Det skal seiast at kvaliteten på mykje av det Anga leverte i 1.omgang var veldig bra.

Anga får betalt for eit oppløftande godt spel offensivt og i det 25 minutt er det Jackson som aukar til 2-0. Han vippar ballen over ein Tempospelar før han klinar til og set ballen heilt nede ved stolperota. Ein fantastisk prestasjon av Jackson.

Redusering
3 minuttar seinare har Anga sin sisteskanse bestemt seg for å få seg litt søvn. Etter ein lang fødsel og lite søvn (Gratulerer så mykje), så tek han gjerne ein liten blund når Anga er friske offensivt. Eit langt oppspel mot midtstoggarane til Anga blir ikkje klarert og går i bakrom. Der har ein Tempospelar satt på turboen og keeper står på halvdistanse. Set sikkert inn 1-2 redusering.

Jackson 11
To minuttar seinare, er Jackson på veg igjennom og jammen set han ikkje inn si ellevte skoring for sesongen. Han får eit fantastisk gjennomspel i bakrom, men får ein elendig førstetouch. Heldigvis er keeperen til Tempo uheldig og mister ballen i fast grep og Jackson kan berre spasere ballen i mål. 3-1 sto seg til pause, der Anga hadde fullstendig kontroll på Tempo.

I pausen sit dei trøblete 2.omgangane mot Tambar og Florø friskt i minne og ein vart einige om å unngå noko slikt igjen. 1-2-3 Angaaaaaa i D-dur og 2.omgang er i gong.

Trøbbel i tårnet

Det går ca. 40 sekund før forståsegpåerane på nytt kan konstantere at Anga igjen rotar seg inn i ein kronglete 2.omgang. Pasningane sit ikkje som i fyrste, det er initiativ, men det manglar presisjon og det blir store avstandar mellom spelarar og lagdelar.

Tempo får diktere litt meir på midten og sender fleire Angapspelarar på luftetur på kantane. Når Anga ikkje treff på sine sjansar, blir det som oftast hin vegen som får uttelling. I det 61 minutt tenner Tempo liv i kampen. Eit stygt brudd i bakre ledd ga Tempo sjanse aleine mot keeper. Spissen til Tempo gjer ingen feil og set ballen kontrollert bak ein sjanselaus Anga-keeper.

Tempo har også ein gigantisk sjanse etter skoringa til å utlikne, men klarar på åpe mål fra 3 meter og sette ballen til side for mål. (Navnet på denne spelaren er ukjendt, men det spørs om ikkje dette vart ein snakkis heim att til Kystbyen etter kampen.

Kampen endar 3-2 til Anga som ligg saman med Tambarskjelvar på topp med 9 poeng. Det er mykje positivt å ta med seg frå denne kampen, men 2.omgangane må betrast umiddelbart. Masse sjansar må omsetjast i mål og Anga burde drept kampen allereie i 1.omgang.

3 poeng smakar som alltid meget godt!!!



På bildet under, ser me dagens Angaspelar. Spring seg heilt tom, skorar tidenes raskaste skoring i Norsk Toppfotball (kanskje) og er god både offensivt og defensivt. Det spørs om det ikkje blir ein kjekk dag med brødlevering i morgon.

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.