Anga FK – FSI 3-0

Heite tilstander i parken då høgttrykket for alvor viste musklar.

Anga tok ein oppskriftsmessig siger mot eit skulelei FSI lag som i dag hadde bestemt seg for å gi gultrøyene kamp til døra. Anga hadde før kampen ei skadeliste så lang som eit vondt år, der nesten eit halvt lag har gitt travle dagar og utløyst overtid hjå ansatte på legevakten.

I reint sub-tropisk klima nesten som på Kanariøyane, måtte tørste tunger ha påfyll av vatn og det spørs om ikkje Sunnfjord Kommune lyt varsle allereie i morgon om vatningsforbod. 10 bøtter sto på rekke og rad som ein akvedukt. Både på sidelinjene og bak mål.

Det varme veret hadde nok innverknad på mykje av det som føregjekk seg ute på bana. Fyrste halvdel av 1.omgang var eit stort gjesp, med Hawaii fotball utan presisjon. Det var tydeleg å kunne sjå at underlaget var av det tørre slaget. Det er FSI som er farligast innleiingsvis og skapar ein del farlegheiter på overgangar, men ein opplagt Stokka i mål avverga det meste. Ein kanonredning etter 14 minutt er stort sett den einaste skikkelige prøven han måtte i aksjon i. Resten var ufarleg.

1-0:

Anga kom meir og meir inn i kampen etterkvart og får ein del sjansar etter halvtimen spelt. Blant anna har Sondre Søderholm ein stor sjanse som han brenn over, Jackson har to feite og Nicco bankar også ein til side for mål. Etter 42 min kjem målet. Ein offensiv Sindre tek turen opp og spelar vegg med Nicco, får ballen tilbake og skyt i tvereliggaren. På returen står Stian Viken og headar elegant ballen i motsatt hjørne ballen kom frå. Ei herleg skoring som ganske sikkert smakte godt for unge Viken som har slete litt med formen i vår.

1-0 står seg til pause.

Det ggår berre 10 min før skoring nummer to kjem. Og det er formspelar Nicco Knutson som står for det. Hans andre skoring på to kampar og berre med eit fungerande kne får eit flott innlegg frå René Haugen som han på forsøk 1 set midt på keeper, før han set returen bak ein oppgitt keeper.

Då gjekk FSI tom for krefter. Anga låg kompakt med alle lagdelane og dikterte tempo anført av dirigent og Maestro Bernt Norevik.

Sondre Søderholm som hadde ein veldig god kamp for Anga i dag fastset resultatet til 3-0 etter eit flott gjennomspel frå René Haugen. Han breisidar ballen i mål.

Meir mål vart det ikkje, men det kunne fort blitt mangen mangen fleire.

Kort oppsummert frå manager Arthur Norevik: For mykje føring med ball og mykje rot i 1.omgang. 2.omgang mykje bedre og vi kunne og burde skora fleire mål. Siste pasningen ofte upresis, men skapte nok sjansar til at resultatet kunne vore dobbelt så stort.

Anga er fortsatt på tabelltopp likt med Tambarskjelvar og det spørs om det ikkje vert ein jamn kamp mot Naustedølingane om å vinne avdelinga. Sesongen er enno lang, men fleire tilbake frå skade vil gjere konkurransen bedre. I tillegg reiser Jackson snart til Austlandet i studiar.

Politiet blir instruert i korleis han skal fakke FSI

Kamfakta: https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=8269125

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.