FLORØ 3 – ANGA 1-3

Evigunge Arthur Norevik & Jackson Bayubahe. Meir om dei seinare.

Anga gjekk i dag til topps åleine på tabellen då Florø 3 vart kjempa i senk av eit hardtarbeidande og meget godt organisert gjestande lag.

Kampreferatet kunne innehaldt mykje og mykje rart, men skribenten vel å sensurere store delar av det etter 45 minutts betenkningstid frå Palmekysten og ned att til Førde.

Kampen i seg sjølv bar preg av at det snart nermar seg ferie og mange ledd og musklar treng difor no ein tur i dvale. Det var på mange måtar ikkje ein finspelt kamp, men Anga trakk det lengste strået til slutt.

Første omgang:

Anga gjekk ut i sin vande formasjon, men hadde i førekant gjort heimeleksa si. At Florø 3 kan trille ball er det ingen tvil om. Anga låg veldig kompakt og strukturert og slapp i grunn ikkje Florø til alt for mykje dei fyrste 10 minuttane. Etterkvart fekk Anga ein del bakrom og skapte ein del farlegheiter. Ein superkvikk Ørjan Ø. Harjo fekk Florøbacken ganske svimmel i fyrste omgang. Flink å finne rom og utnytte dei. Det får han betalt for når han set inn 1-0. Vakker skoring!

Florø går rett i angrep ved avspark og kom til eit par store sjansar både på ein dødball og eit frispark. Det går ikkje lange tida før Florø får betalt for det aggressive presset sitt og ei mangelfull klarering frå Angaforsvaret blir snappa opp av ein Florø spelar som dyttar ballen vidare til ein fri medapelar som curlar ballen i lengste hjørne.

Jackson som spelte sin siste kamp i dag fekk selfølgelig komme på skoringslista og den frekke måltjuven skora eit flott mål på innlegg frå kant.

I pausen er det i grunn god stemning og vi bestemmer oss for å ligge kompakt med laget.

2. Omgang er i grunn ein omgang som egentlig ikkje treng mykje referatføring. For Anga sin del var det ein perfekt gjennomført forsvarskamp der Florø omtrent ikkje er innom 16 meteren. Anga skapte ein del farlegheiter, men til stor fortvilelse klarte ein ikkje å få ballen i mål. På tampen av kampen fastset Sondre Søderholm resultatet til 3-1 etter ein nydeleg slått corner frå Harjo.

Dommaren brukar eg ikkje ein kalori på i dag, for det ville blitt tidenes hårfønar!

Alt ii alt ein kanongod forsvarskamp av Anga i dag. Harjo, Nicco og Jackson spring sokkane av seg og midtbana med Bernt, Sondre og Sindre har full kontroll på alt Florø foretok seg. Forsvarsfiraren blir satt på nokon intervallar i dag, men har stålkontroll med Johnny Heggheim som styrmann.

Troppen til kampen var veldig tynn i dag, men heldigvis fekk me ordna eit par spelarar frå Anga 2. Takk til Jarle og Enok som kunne vere med oss. Dei gjorde ein flott innsats når dei kom inn.

Henning Rusken vart med oss til Florø og det er utruleg kjekt å ha han med på tur som organiserte, tok bilder og hjalp oss med spelarar. Det vitnar om godt kollektiv og samhald i gruppa.

Evigunge Arthur Norevik, 60+ kjem innpå då det gjenstår 10 minutt og det er nesten heilt vanvittig at ein mann på 64 år kjem innpå ein kamp og går i hovudduellar mot spelarar han kunne vore bestefar til. Hatten av for Arthur!!

Så ttil slutt: Jackson spelte sin siste kamp for Anga i dag. Trist er det! Han har bidratt til utruleg mykje mål for oss og har vore enormt viktig. I tillegg har han også vore utruleg viktig for samhaldet i laget. Han blir sakna og det er veldig kjekt at styret gir han ei merksemd som vart delt ut i garderoben. Klapping og anerkjennelse er vel fortjent! Tusen takk for no Jackson og lykke til vidare!!

Anga toppar dermed tabellen og kan gå på ferie som einsam majestet! No blir det kampfri i 2.månadar. 22.august tek me i mot Tambarskjelvar.

God sommar!

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.