FLORØ 3 – ANGA FK

Jax var ikkje heilt sikker på kor Florø låg på kartet, men André har forklart etter beste evne! Uansett, Jax sin siste kamp for Anga blir eit faktum, la oss håpe han avsluttar med stil som han har gjort så mangen gonger i år.

Florø, Noregs vestligaste by. Det er destinasjonen for Anga i dag, då dei møter eit revansjesugent Florø 3 lag som fekk regelrett juling i Hafstadparken tidligare i vår.

Skribenten har sjølv sitt beste fotballminne mot nettopp Florø. At me vann 2-1 der eg skora begge måla for Høyang, fekk eg samtidig bidrege til at Bengt Solheim-Olsen fekk utvising for munnbruk.

Florø er eit kjekt lag å møte. Sjølv om Anga har ein anna historikk enn Førde, er Florø den største rivalen uansett kva klubb ein representerar i Førde.

Kamptroppen er for tida veldig tynn. Mange som er skada og eg trur no vi er oppe i 11 spelarar på skadelista. Likevel reiser ein med eit kruttsterkt lag og det vitnar om solid bredde i troppen. Dette blir også siste kampen til Jackson som reiser til Østlandet for å studere. Han blir savna. Ein kjernekar som har bidrege utruleg mykje positivt og gjeve oss energi og humor.

Det blir ein heilt anna kamp enn mot Florø 3 sist kamp. Det er eg veldig sikker på og Anga må vere på frå start.

Lykke til!

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.