ANGA FK – TAMBAR 3-1

Du verden… Siger og 3 poeng mot naborivalen. Det smakte utruleg godt og me held liv i tetkampen om å vinne årets 6.divisjon.

Underteikna var spent om Anga i det heile hadde sjans til å overleve 90 minutt mot Naustedølingane. Kondisjon var eit heitt tema under taktikkmøtet når trenarane satte opp laget og samenlikninga med bedriftslaget til Skjolden krykkefabrikk høyrer nok ikkje heime akkurat i dag.

Taktikken inn mot dagens kamp var enkel! Forsvar og endå meir forsvar. Me skulle ligge lågt og kompakt, samtidig som vi skulle sette inn heilhjerta kontringar med divisjonens to desidert raskaste vingspelarar i Sander Vikum og Ørjan Harjo som ballførarar og bakromsspelarar.

Alt funka i dag… Presset, duellspelet, pasningane og posisjoneringane var i 1.omgang var mesterleg. Og måla? Dra til sjøss!!

1-0: Stian Viken (Nicco)
Det er en fantastisk skoring. Tatt ut av den berømte læreboka. En crosser fra René Haugen frå 50 meter treff lissa til Nicco som tar ned ballen kaldt og rolig og slår inn på lengste. Der står Stian Viken og nikkar ballen inn i mål.

Anga vann dei fleste første og andre ballane på midten, anført av Bernt Norevik, Sondre Søderholm og Sindre Sandøy. Dei hadde stålkontroll og ein skulle nesten tru dei har trent litt kondisjon i sommar også.

2-0: Klikk – Klakk
18 minutt på klokka er gått og det er en fantastisk skoring. Andreas Stokka spelar ballen ut til René Haugen på back, som sentrar vidare til Sander Vikum som spelar innover mot Sondre Søderholm som på første touch spelar ballen gjennom forsvaret til Tambar der Harjo har sprunge seg fri og set ballen iskaldt i mål.

Det vart berre med dei to måla, men Anga hadde fortjent eit par skoringar til før pause. Deriblant eit akrobatisk brassespark frå Stian Viken som hadde fortjent ein bedre skjebne. Ballen går på mål, men keeper redda.

Anga hadde full kontroll på kampen og Tambar virka veldig stressa.

2.omg:

Det går ikkje 3 minutt av omgangen før vi får sjå ein klassekontring der Sondre Søderholm (Anga sin beste i dag) aukar leiinga til 3-0. Kontringen var så av høg klasse, at det er nesten ikkje til å tru.

Tambar reduserte til 3-1 nokre minuttar seinare, men alt handla i dag om Anga. Anga burde ha vunnet kampen med mykje meir mål, men vi er fornøgde! Forsvaret storspelte, Andreas henta fram nokre klasseredningar som han vanlegvis pleier og spesielt ei redning var heilt sinnsjuk. Andreas har ikkje sluppet inn 1 einaste mål 1 mot 1. Det er utruleg imponerande!! Midtbana med Bernt, Sondre og Sindre la ned mangen kilometer og var trygge og gode med ball. Harjo og Vikum var konstant ein trussel i overgangane, medan Stian Viken på topp var veldig bevegelig og la inn ein utruleg innsats i presspelet.

Innbyttarane Daniel Råheim Hornnes (debutant), Jan Erik Stenseth (debutant), Kasper Holme og Piotr Janas kom inn som friske pust og leverte solid innsats!

Alt i alt, ein fantastisk godt taktisk gjennomført kamp av Anga. Og det er kjekt å ha fleire strengar å spele på. Spelarane forholdt seg til kampplanen 100% i dag og med seier held vi liv kampen om seieren i 6.divisjon. Det kjem til å stå mellom Anga og Tambar til slutt og dei møtes att til ein siste duell seinare i haust som mest sannsynleg blir ein rein seriefinale!

Manager Arthur Norevik oppsummerte kampen slik:
«Vi gjennomførte kampen perfekt, mange meget gode kontringar som med marginane på rett side kunne dobla antall mål. Litt Hawaii på slutten når det røynte på. Godt gjennomført kamp av heile laget med innbyttarane.»

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.