Anga knuste Tempo 5-0

Anga slo Tempo med 5-0 


Det var knytt stor spenning til korleis Anga ville klare seg i dagens 
kamp på såkalla «ekte gras» mot Tempo. Dette underlaget var for mange 
av Angaspelarane uvand eller gløymt, og for resten var det rett og slett
heilt ukjent. Vidare glimra trenar og venstreback Renê med sitt sjølvforskyldte
fråver. Både underlaget og nemnte fråvêr skulle vise seg å vere oppgåver Anga meistra godt. 


Kampen gjekk altså på ei strøken grasmatte i Florø. Frå start i kampen trilla Tempo ein del ball i bakre ledd, utan å klare å skape dei store moglegheitane mot eit Angalag som 
forsvarte seg godt. Anga var farlegast og hadde mange «nesten»-moglegheiter, der siste pasning i kontringar vart litt for upresis. Men etter om lag ein halvtime fekk Anga si første scoring, og kunneetterkvart gå til pause med 2-0 i sin favør. Generelt skapte nok Anga klart flest sjansar, men Tempo var også farleg frampå ved eit par høve og hadde ved eitt av desse ein ball over streken, dette meinte i alle fall Tempospelarane. Dersom 
eit fungerande VAR-system hadde vore i sving, hadde dei nok kanskje fått medhald i dette. 


Andre omgang er ikkje heilt ulik første. Anga legg seg lågt og let Tempo trille litt ball bak. Både på kontringar og i etablert spel skapar vi mange sjansar. Tempo kjem også i denne omgangen til klart færre farlegheiter enn Anga. Vi får tre mål i denne omgangen og vinn 5-0. Vi gjer alt i alt ein bra kamp der vi viser mykje bra angrepsspel og forsvarar
oss godt. Både dei som startar og dei som kjem inn legg ned godt innsats. 


Ellers kan ein nemne følgande frå kampen:

– Sivert Birkeland får sin debut for Anga og kjem innpå til pause. Han må dessverre ut att med skade, men gjer det godt i sine 13 første minutt i Anga-drakt.

Ivan Dvergsdal gjer sin re-debut for Anga og har ein god kamp i midtforsvaret. 

–  Gras er eit «tyngre» underlag å spele på enn kunstgras. Dagens første krampe
kom etter om lag 60 minutt hos Vegard Flatjord (som då også var ein av dei på bana som la ned flest meter)

– At ein ikkje må reise lengre enn til Florø før språk- og kommunikasjonsproblem kan oppstå er ei kjend sak. I dagens kamp var derfor overraskande nok innad i Anga-laget dei største vanskane oppstod, då Pjotr Janas
ikkje kunne forstå kva det tyda då trenar Arthur Norevik stadig ropte «modi, modi» frå sidelinja. I ettertid kom det fram at trenaren forsøkte å bremse den offensive backen litt, og at «rolig, rolig» var det som vart ropt.

Dette betyr også i praksis at Anga tek kommandoen i divisjonen og leiar no med 5 poeng til tabelltoar Tambar.

Manager Arthur Norevik har følgjande kommentar etter kampen:
Ingen kommentar.

Neste kamp er «borte» mot Førde SI. Tøff kamp, som må vinnast!

Laget:

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.