Tap mot Tambar

Det vart eit knepent 2-1 tap mot Naustedølingane på nøytral grunn. Det er ikkje heilt det vi likar, men der fleire forfall frå dei rutinerte, sto det fram nokre unggutar som verkleg fekk vist kva som budde i dei.

Anga måtte reise heilt til Eikefjord på nøytral bane då eit inkassovarsel som tok seg vidare til namsmannen kutta strømlinjene i Naustdal sentrum pågrunn av manglande innbetaling dei siste tre månadane.

Det var ikkje lys i Naustdal, men det vart bekmørkt for Anga i Eikefjord også. Heldigvis for Naustedølingane kom dei heim at med 3 poeng og namsmannen i ein sekk. I ein kamp utan doktor og toppskorer Søderholm og ein sjukdomsforfulgt René Haugen skulle oppgåva bli vanskeleg nok, men Anga har ein god tropp og i dag fekk mange nye prøve seg. Samuel «Jackson» Bahati, bror til sjølvaste Jackson Bayubahe storspelte for Anga i dag. I tilegg fikk Patrick Skancke, Noah Fadnes og Jone Fadnes speletid og utmerka seg positivt.

Det ryktast at Anga hadde bra kontroll på kampen i det meste av 1.omgang, men klarer ikkje å skape dei heilt store sjansane. Det glapp 1 gong i førsteomgang og Tambar som valgte same taktikk som oss i tilsvarande kamp heime klarte nok å frustrere dei blåkledde frå Førde. Tambar leda 1-0 til pause. Ikkje det heilt store for å sei det slik, men fullt mogleg å ta dette. 2.omgang er heilt lik den fyrste. Tambar går opp til 2-0 etter eit laaaaaangt framspel. Då måtte Anga ta nokre sjansar. Det blei frykteleg store avstandar i lagdelane på slutten, men målet til Anga kjem og det er dagens Angaspelar, Samuel Bahati som gjer det!

Samuel vart Anga sin einaste målskorar i dagens kamp.

Målet kjem desverre for seint og tapet er eit faktum.

Eg skal som i dei førre referata vere forsiktig med å skrive om dommaren. Det blir litt likt begge vegar, men eg lyt uansett peike fingeren til kretsen som vel å la same dommar dømme så ofte når misnøyen har vore stor og det allereie er blitt spelt inn forbedringspotensial til hovudleiaren i kretsen.
Kommunikasjon er kjempeviktig, men når fløyta sit fast i strupehovudet, er det vanskeleg.
Det er ikkje enkelt å vere fotballdommar sjølvsagt, men me lyt få forlange ein kommunikasjon. Det er kjempeviktig for ein kampleiar når ein skal halde ro og skikk på spelet.

Neste kamp er mot Tempo heime i siste. For oss blir det Champagne-fest i garderoben. Me ynskjer at de tek turen og blir med på festen!
NB! Sesongen er ikkje heilt over etter siste kamp.


Kampfakta: 2-1 (1-0)

1-0: Naustedøl
2-0: Naustedøl
2-1: Samuel Bahati

Anga: Jone Fadnes, Samuel Bahati, Jonas Hilding, André Njøsen Norevik, Nicolai Knutson, Bernt Norevik, Sander Dvergsdal, Sindre Sandøy, Ørjan Øyren Harjo, Stian Viken, Sander Vikum

Innbyttere: Noah Fadnes, Patrick Skancke, Andreas Jr. Stokka, Piotr Janas

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.