Kalassiger i siste seriekamp!

12-1 siger og seriemeistar!

Lag: Andreas Junior Stokka, Jonas Njøsen Hilding, Andre Njøsen Norevik, Jon Atle Heggheim, René Anthony Ekroll Haugen, Sondre Søderholm, Sindre Sandøy, Ørjan Øyren Harjo, Bernt M.Norevik, Stian Viken, Sander Vikum. Innb. 46. Jone Fadnes for Andreas Junior Stokka, 46. Piotr Janas for Jon Atle Heggheim, 46. Jan-Erik Stenseth for Ørjan Øyren Harjo, 46. Simon Årskaug for Bernt M.Norevik, 46. Noah Stranden Fadnes for Stian Viken, 46. Daniel Råheim Hornnes for Sander Vikum. 55. Jon Atle Heggheim for René Anthony Ekroll Haugen, 80. Bernt M.Norevik for Sondre Søderholm. 

1-0 3. min Stian Viken 

2-0 6.min Sander Vikum 

3-0 18. min Stian Viken 

4-0 24. min Sondre Søderholm 

5-0 29.min Sondre Søderholm 

6-0 32.min Bernt Norevik 

7-0 35.min Bernt Norevik 

8-0 39.min Jon Atle Heggheim 

9-0 41.min Bernt M. Norevik

60.min Gult kort Andre Njøsen Norevik 

10-0 64.min Andre Njøsen Norevik 

10-1 73.min 

11-1 75.min Noah Stranden Fadnes 

78. min gult kort Sondre Søderholm 

12-1 81. min Sindre Sandøy

Anga med storseier i siste seriekamp 

Anga måtte klare seg utan Sander Dvergsdal og Nicolai Knutson i tysdagens kamp mot Tempo, då dei begge deltek på Landsmønstring i Ludo på Gardemoen denne veka. Sidan det ikkje går an å erstatte Knutson på backen, valte Anga å stille i 3-5-2 og forsøke å kompensere med to spissar i Sander sitt fråver. 

Frå start og gjennom kampen har Anga bra kontroll og skapar svært mange store moglegheiter. Vi viser til tider svært godt angrepsspel. Tempo klarte rett og slett ikkje å henge med i deira siste kamp for sesongen. Det spelande laget Tempo, som alltid forsøker på og får til ein del kombinasjonsspel, hadde nok rett og slett ikkje dagen. I tillegg var Anga svært på, og i sum førte dette til ei total overkøyring.

Referenten er ny denne gongen, men har gløymt ein vesentleg ting. Personen bak publiseringa meinar det er rom for å gi uttrykk for at ein og same spelar hadde 4 målgivande pasningar i ein heilt eigen klasse. Kven dette var høyrer ikkje med i historia, men ein lyt jammen finne riktig posisjon til denna guten ved neste høve.

Etter kampen var det duka for champagne, pizza og brus. Eit hyggjeleg lag for å feire triumfen. Anga har ein kjempegod lagmoral og det viser igjen ute på bana.

Til slutt må me også gratulere Sondre Søderholm med toppskorartittelen! Ein gjev pris å henge på peishylla.

No siktar me mot Kretsmeistartittelen!

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.