Anga FK – Dale 2 4-1

Anga vart litt for sterke i dagens kamp der det ikkje hadde vore feil og skifta ut fotballsko med svømmeføtter.

Anga møtte til dagens kamp vel vitande om ei lita mobilisering på eit Dalelag som sannsynleg fekk sove ut ein god rus etter at fyrstelaget rykka opp til Kretsligaen i går. At dei «nest beste» kom med eit godt lag var det ikkje tvil om, men spørs om ikkje kampen mot Årdal 2 kjentes godt i føtene på dei som var involvert der inne.

Dale har meir enn berre Fabel Kafé og motell. Dei har også gode ballspelarar, noko Anga fekk slite med innleiingsvis. Anga fekk ikkje til spelet me veit dei kan og det vart for store rom å dekke defensivt. Offensivt kladda det også ein del i starten, der det blei mykje stress, feilpasningar og brot i mot. Dale kunne fort ha leia med eit par mål dei fyrste 10 minuttane.

Anga vart også for smale i 3-aren bak, noko som gjorde at kantane fekk vel mykje back-oppgaver. Det kom seg dei siste 15 minuttane i 1.omg. Det vart meir trøkk i duelspelet og Anga skapte ein del sjansar.

1-0 : Bernt headar inn eit fantastisk innlegg frå Stian.

2-0 kjem like etter at Sondre tråklar seg gjennom og se ballen iskaldt i mål.

I pausen legg vi om til 4-4-2, noko som gjer at vi stort sett styrer kampen slik vi vil.

3-0 kjem på straffe ved toppskoraren vår Sondre etter at Sindre vert felt.

Dale reduserar då Anga søv på ein dødball like etter.

Etter reduseringa har vi brukbar kontroll på kampen, men ikkje meir. Dale har ballmessig overtak, men vi har nokre overgangar vi skulle ha utnytta bedre.

Dermed kjem nettopp 4-1 i det 86 min ved debutant Martinho som plasserer ballen i lengste etter gjennomspill frå Noah.

Ingen stor kamp av Anga, men nok å til vinne komfortabelt.

Vi må nok heve oss nokre hakk spelemessig til torsdag.

Takk til dommartrioen, og takk for ein herleg verbal kamp med benken til Dale. Alle er gode vener etter kamp. Takk til værgudane som ga oss det heilt forferdelege været. Takk til Henning Rusken som var dagens kampvert. Strålande service som vanleg og takk for kampen til Dale.

Returoppgjeret vert spelt fyrstkommande torsdag, der Mr. Arve Helle har lova nytrekt kaffi. – Meldt flotte forhold på Dingemoen torsdag!

Kampfakta: Anga- Dale 2 4-1(2-0)

Anga: Andreas Junior Stokka, Jonas Njøsen Hilding, Andre Njøsen Norevik, Nicolai Knutson, René Anthony Ekroll Haugen, Sondre Søderholm, Sindre Sandøy, Ørjan Øyren Harjo, Stian Viken, Bernt M Norevik (k), Sander Vikum.

1-0 37.min Bernt M Norevik

2-0 39.min Sondre Søderholm Pause.

3-0 57.min Sondre Søderholm str.

3-1 58.min

4-1 86 min Martin Sætre

Innb: 46 min. Jon Atle Heggheim for Nicolai Knutson, 63. Min Noah Stranden for Stian Viken 65.min Martin Sætre for Sander Vikum 68.min Nikolai Sæterdal for Jonas Njøsen Hilding 70 min Simon Årskaug for Ørjan Øyren Harjo 75 min Vegard Krøvel Flatjord for Sindre Sandøy

Gule kort: Stian Viken, Noah Stranden, Ørjan Øyren Harjo, Sindre Sandøy.

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.