
Anga sikra i dag opprykk til 5.divisjon etter å ha slått Dale 2 over to kampar. Søndag ventar finale om å bli Kretsmeistar mot Stryn 2.
Vinteren hang iallefall i lufta i dagens kamp. Ein kald og sur kveld med fotball, men kva gjer no det når Arve Helle sørga for ekstra varme. Med kaffikanne i den eine handa og mikrofonen i den andre, var han stødig i speakertjenesten, og det var eit imponerande heimepublikum som var i godt humør.
For Anga handla dagens kamp om å sikre opprykket, men dei fyrste 10 minuttane var det ting som tyda på at dei skulle få problem. Dale gjekk rett i strupen på Anga frå start. Mykje feilpasningar og store rom mellom lagdelane fra Anga var nok til å gi Dale friheit til å spele seg til sjansar. Dermed fekk dei også betalt for det etter 11 minutt. 4-1 vart til 4-2 og ein kunne nesten kjenne pusten frå Helle i speakerbua at her var det håp for dei gulkledde.
Det vart ikkje særleg betring etter skoringa for Anga, men vi kjem oss til noko farlegheiter, men for dårleg avslutningar hindra skoring.
Kampen bølga litt fram og tilbake. Før pause klarer vi imidlertid å skore to kjappe mål av Harjo og Søder.
2.omgang pressar Dale godt og tvinga oss til å slå mykje langt. Vi klarte ikkje å være presise nok i avleveringane som ga brot i mot. Likevel er det storskorar Søderholm som er forskjellen i dag også. Han set 3-1 etter 62 min, og det virka håplaust for Dale å komme attende.
Men, 8 min seinare får Dale straffespark og reduserar til 3-2. Det er vel ikkje ufortjent då dei i forkant også kom til ein del sjanser der ein spratt i terra.
Dale makta ikkje å skore fleire mål. I staden får vi ein overgang der Dalekeeper er uheldig å klarerer i eigen spelar som sender Noah gjennom. Han set ballen i åpe mål og seieren var i grunn eit faktum.
Det eer heilt klart at Anga må heve seg nokre hakk til kampen på søndag, men veldig bra at ein vinn på dårlige dagar.
Tusen takk til Dale for kampen, Arve Helle, dommartrioen som dømte ein prikkfri kamp og takk til Henning Rusken som alltid er der for oss!
Kampfakta:
Dale 2 – Anga 2-4 (1-2)
Lag. Andreas Junior Stokka, Nicolai Knutson, Nikolai Sæterdal, Bernt M Norevik (k), René Anthony Ekroll Haugen, Sindre Sandøy, Sondre Søderholm, Martin Sætre, Ørjan Øyren Harjo, Stian Viken, Sander Vikum
Innb. 20min Sander Dvergsdal for Sander Vikum, 25min Noah Stranden Fadnes for Stian Viken, 53min Simon Årskaug for Ørjan Øyren Harjo, 55min Stian Viken for Martin Sætre, 80min Jan-Erik Stenseth for Nicolai Knutson, 82min Jone Fadnes for Andreas Junior Stokka.
1-0 9 min Jørn Solås
1-1 36 min Ørjan Øyren Harjo
1-2 41 min Sondre Søderholm
1-3 62 min Sondre Søderholm
2-3 70 min Arwin Sande-Neset
2-4 78 min Noah Stranden Fadnes
Gult kort 85 min Simon Årskaug