
Kampfakta:
KM- finale Skei storhall
Stryn 2 – Anga 1-2 (0-1)
0-1 37. Min Sander Dvergsdal
1-1 66. Min
1-2 93. Min Stian Viken
Anga: 1. Andreas Junior Stokka, 6. René Anthony Ekroll Haugen, 24. Andre Njøsen Norevik, 5. Ivan Dvergsdal, 4. Jon Atle Heggheim, 10. Vegard Krøvel Flatjord, 16. Bernt M Norevik (k), 23. Sondre, 9. Sander Dvergsdal, 11. Stian Viken, 7. Noah Stranden Fadnes.
Innb. 46.min. Piotr Janas for Stian Viken, 55. min. Samuel Bahati for Noah Stranden Fadnes, 73. min Stian Viken for Sander Dvergsdal, 73. min Martin Sætre for Bernt M Norevik, 84 min Bernt M Norevik for Vegard Krøvel Flatjord
Ubenytta innb., Daniel Råheim Hornnes, Jonas Njøsen Hilding.
Dette smakte utruleg godt!! Med 3 kampar på ei veke er det heilt magisk å stå igjen å bli kretsmeistera! Det vart på inga måte noko enkel kamp og det var tydeleg utover kampen at fleire av Stryn 2 sine spelarar har hatt sine kampar i 4.divisjon.
For det gjekk hurtig med Stryn. Dei spelte oss til tider veldig lave og hadde ein solid ballbesittelse gjennom heile kampen.
Men kva gjer no det når det er måla som tel?
Det vart ein solid arbeidsseier mot eit godt Stryn 2 lag. Vi skaper ikkje allverden i 1.omgang, men på eit langt framspel skjær Sander Dvergsdal inn i bana og avslutter i nærmeste hjørne.
Vi låg solid i eiga ramma defensivt og Stryn skapte ikkje noko særleg mot oss. Offensivt er vi for utålmodig og skal mot Stryn sitt mål med ein gong. Det førte til mange balltap, men omstilling defensivt vart svært godt.

Stryn 2 fortsetter å ha mykje ball i 2.omg. Mot slitne Anga spelarar får dei større spelerom, og etter 66. min kjem utlikinga. Stryn 2 er også svært nær skoring etter målet, men treff stanga.
Då det på overtid nærma seg ekstraomganger greide vi endeleg å ta vare på ballen, Piotr vinn ballen på høgresida, spelar Bernt sentralt som spelar Martin på venstre kant. Der kjem Jon Atle på overlapp, og han serverer eit perfekt innlegg som Stian får tåa på, ballen trillar inn i lengste hjørne til enorm jubel frå heile Anga leiren.
Etter dette klarer ikkje Stryn 2 å skape noko meir, og Anga FK er kretsmester i 6. divisjon.
Alle legg ned ein utruleg innsats i dag. Stryn spelte for orden skyld ikkje kvalikkamp då Studentspretten 2 trakk laget sitt. At me no 270 min etter kamp både mandag, onsdag og i dag klarer å krige oss til seier fortel mykje om god moral og ønske om å vinne fotballkampa.
Det har vore ein samansveisa gjeng som har stått på og får betalt i dag! Å bli Kretsmeistar i 6.divisjon er like deilig som å vinne 4.divisjon. For oss er dette ei bragd som kjem til å verte eit flott minne for mange.
Me takkar spelarar, trenarar og styret for ein suksessrik sesong!!


