Liten hyllest

Dette er han nok lite begeistra for, men det får stå si prøve. Det er veldig kjekt å sitje igjen å oppsummere sesongen vår, der spelarane har gjort ein kjempeinnsats som kjent gav oss tittelen Kretsmeistera, men bak dette har Arthur Norevik styrt spakane som har gjort det mogleg å ta det «heim».

Vi har nok ikkje som spelargruppe gjort alt etter hans bok, men kampen i går, skoring på overtid gjorde han nok like rørt som oss spelarane.

Han har vore inne som manager, materialforvalter, logistikkoperatør, sjåfør, ja til og med som spelar i år. Med sin «strenge» tilnærming av korleis perfekt fotball kan spelast, (IKKJE BACKANE OPP SAMTIDIG, IKKJE TVERSOVERPASNINGAR, SPEL OG GÅ, GJER DET ENKELT), har Arthur vore ein stor bidragsytar til suksessen i år!

Han er så engasjert, flink å kommunisere og er veldig mottakeleg for innspel i korleis me ynskjer å framstå. Han har på mange måtar skapt ein vinnarkultur i spelargruppa og får med seg kvar og ein på det.

At Anga spelemessig har hatt mykje varierande prestasjonar herskar det ingen tvil om, men me har holdt stand heile vegen og det toppast som nevnt i går, der me var spelemessig underlegen mot Stryn 2 som hadde oss på gaffelen. Likevel skjer det fantastiske! Stian Viken avgjer finalen i eit reint «Arthur-angrep». Ballen blir broten på midten, spelt ut på kant, overlapp fra back, ein touch inn i feltet og booom! Målet som kom 3 minuttar på overtid er noko av det deiligaste eg har vore med på, og sjølv om me snakkar om 6.divisjon var det ein like herleg følelse som då eg vart Kretsmeistar med Vik og slo Sogndal 2 borte og rykka opp i 3.divisjon.

Spelarlogistikken har også vore utfordrande i år. Mykje skader, jobb og diverse har gjort til at det i enkelte kampar på slutten måtte jobbast heilt inn for å få eit skarpt lag i sluttspelet. Det fekk han til! Han skapar engasjement, ein får lyst å imponere han både på trening og i kamp.

Han hoppar ikkje rundt av glede og heller er han ikkje den som skrik høgast, men han har eit brennande engasjement for fotball som smittar over på oss spelarane og det er utruleg kjekt!!

Eg tykkjer det er mangen som skal ha ros og takk for årets sesong, men eg sit igjen og peikar på ein person som har utvikla klubben i riktig retning og som har stått på 100% både for klubben og spelarane;

Takk Arthur Norevik!

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.