Sesongen 2023 er over for lengst og det er på tide å oppsummere det innhaldsrike året!
Arthur Norevik, Bernt Norevik og René Haugen fekk trenaransvaret for Anga og planen vart lagt allereie før møte med styret. Å bli seriemeister i 6.divisjon og med KM tittelen som ein liten draum.
I serien sto det i grunn mellom to lag. Erkerival Tambarskjelvar har gitt oss mangen tøffe bataljar, men i år kom dei til kort. Riktignok slo dei oss i 2 av 3 kampar, men Anga tapte kun desse to kampane og vann med 4 poengs margin.
Anga vart seriemeister med 68 skora mål og 18 innsluppne på 12 kampar. Ganske så underhaldande. Jackson Bayubahe såg lenge ut til å bli lagets toppskorar med sine 11 fulltreffera. (Alle i vårsesongen!), men årets spelar i Anga FK, Sondre Søderholm ville det anleis. Han netta utrulege 13 mål og dei fleste kom i haustsesongen. Sondre var utruleg viktig for oss i haustsesongen.
Sluttspel 6.divisjon – Anga fekk Dale 2 i første sluttspelsfinale. Over to kampar knuste Anga Dale 2 8-3. Ein skikkeleg god lagseier og me var veldig fornøgd med å ta oss til kretsfinalen.
I finalen møtte me eit Stryn 2 lag som fekk overaskande mykje «ferie» før finalen. Studentspretten 2 trekte laget og Stryn fekk walkover. Anga på si side spelte 4 kampar på under 14 dagar. Noko som er litt Premier League stil over.
Mot Stryn 2 merkar me noko nivåforskjell på laga. Slitne bein og trøytte hovud sleit lenge å holde følgje med Stryn 2 som for dagen hadde fleire profilar frå sitt Kretsligalag. Me vart spelt låge og vart springande mykje i mellom. Likevel klarar me å komme på nokre overgangar der Sander Dvergsdal får nettkjenning åleine med keeper frå skrått hold.
Litt mot spelets gang, men for oss handla det om å selge oss dyrt og ligge kompakt. Det klarte med i 65 minutt. Stryn 2 valsa regelrett over oss i 2.omgang og får naturleg nok si fortjente utlikning. Då er det faktisk nokon på Anga som skjønar kor dette ville ende.
Men; Anga ga seg ikkje og låg fortsatt kompakte og slapp Stryn 2 veldig lite til etter skoringa. 3 minuttar på overtid var det nokon som bestemte seg for at ekstraomgangar ikkje vart aktuelt. På eit sugande løp frå eige forsvar kjem Jon Atle Heggheim seg fri oppover og blir spelt fri ute på kanten. Han legg eit millimeterpresist innlegg til Stian Viken som er på løp, som breisidar ballen i motsatt hjørne.
For nokre elleville scener! Å ta seieren på denne måten er berre heilt vanvittig. Scenene var med unntak av publikum lika entusiastisk som då Årdal dagen før rykka opp i 3.divisjon.
Me hadde nådd målet for sesongen og me tok faktisk KM tittelen som ein ekstra bonus! Fantastisk av samtlige spelarar som ga alt heilt ut!
KM FUTSAL SENIOR:
Anga stilte to lag i KM i futsal. Anga 1 og Anga 2. Me vel ikkje å skrive så mykje om Anga 1 som for hovudstups ut av KM i gruppespelet. Kanskje noko av det dårlegaste som er levert av eit lag i KM? 🙂
Anga 2 derimot hadde Førde sitt A-lag på gaffelen til det sto att 1 minutt. Førde utlikna, men ein tok eit veldig viktig poeng i gruppespelet. Der gjekk Anga 2 vidare som møtte Førde 3 i 1/8 finalen. Der vart det 2-0 siger. I kvartfinalen vart det derimot stopp med tap mot Førde sitt A-lag igjen. Spelte jamnt som i første gruppespelkamp, men tapte desverre 2-0. Førde vann heile turneringen, men me sit att med ei imponerande turnering av Anga 2.
KM FUTSAL OLD BOYS:
6.januar skal Anga Old Boys delta i futsalturnering. – Kjem tilbake med meir info.
OPPSUMMERT:
Me er veldig fornøgd med sesongen og satsar på ein like bra sesong også i 2024. – Det vart bestemt at me ikkje valgte å rykke opp i 5.divisjon.
Året 2023 er over og me benyttar også sjansen til å takke trenarane, spelarane og støtteapparat for ein framifrå god sesong! Me håpar på meir suksess i 2024.
Takk også til samarbeidspartnarane og sponsorane våre!
Ein ellers stor takk til styret, men og spesielt til Janne Karin Apalset og Henning Rusken som har varta oss opp med det eine og det andre! Veldig kjekt å ha dykk rundt oss både på trening og kamp.