Anga med siger i første kamp!

Marius Moe, keeper for anledningen sikra seg 6 halve boksar med godsaker for å halde nullen. Vart ikkje satt på dei aller største prøvene, men er framleis å rekne som utespelar så derfor imponerande debut som målmann.

TAMBAR- ANGA 0-1 (0-0)
0-1 Noah Stranden Fadnes, 76.min, (Sander Dvergsdal)
Kort: Sander Dvergsdal gult 90 min

Anga; 1.Marius Moe, 4. Nicolai Knutson (k), 17. Elias Njøsen Hilding, 7. Ivan Celik, 15. Henok Samson Sereke, 8. Simon Årskaug, 10. Ørjan Øyren Harjo, 9. Sander Dvergsdal, 20. Sivert Ulltang Birkeland, 11. Steffen Meiler, 14. Noah Stranden Fadnes.
Innb.

  1. René Anthony Ekroll Haugen 45.min for Henok Samson Sereke, 16. Bernt M.Norevik(k) , 45.min for Sivert Ulltang Birkeland, 3. Are Gunnar Korsvoll 45.min for Elias Njøsen Hilding, 2. Anes Mahmuljin 28.min for Nicolai Knutson, 19. Samuel Bahati 28.min for Steffen Meiler, 13. Daniel Råheim Hornnes 25 min for Simon Årskaug.

Ein ok gjennomført kamp med tanke på treningsgrunnlaget vårt og med berre 1 treningskamp i beina. Tambar skapte ikkje allverden av farlegheiter, men vi var og «tannlause» inntil ei god kontring i det 76.min. Litt dramatikk på slutten der ein Tambar spelar rauk akilles. Me ynskjer han all verdens god bedring.

Tambar fekk ein eventyrleg moglegheit ut i overtida, men me holdt nullen og tek 3 viktige poeng. Skår i gleda for vår del var Simon som måtte ut med skade. Me håpar han kjem tilbake raskt!

Fleire fekk debuten som Angaspelarar. Are Gunnar Korsvoll, Ivan Celic, Elias Njøsen Hilding, Steffen Meiler, Henok Sereke og Anes Mahmuljin.

Neste kamp er heime mot FSI. Et lag som har tatt 6 poeng så langt.

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.