Anga med ny siger, men..

Det vart ikkje akkurat ein dag for historiebøkene, men noko skal skrivast og referenten har ei oppsummert oppleving av kampen som spelar. Sjølv om det var eit Spansk-konkurrerande vær i går, skein sola meisterleg meir enn nokre av aktørane ute på bana.

Førsteomgangen til Anga var av det begredelige slaget. Tempoet, bevegelsane og ikkje minst pasningspelet var så dårleg at ein skulle tru fotballskoa var bytta ut med alpinstøvla. Føler meg også ganske sikker på at trenar Arthur Norevik var så frustrert etter første omgang at han gledeleg hadde teke ei rotfylling i ein jeksel utan bedøving enn å oppleve ein slik omgang igjen.

Det einaste som var omgangens vellykka manøver, fekk Haugen tak i ballen og spelte fri Sivvi på høgrekanten. Sivvi leverte eit presist innlegg. Framfor mål sto venstreback Henok, og spaserte ballen i mål. Ett-null til Anga! Det var omgangens einaste positive høgdepunkt for heimelaget. FSI var frampå nokre gonger, men spelte stort sett i bakrom utan særleg leveringspresisjon. Likevel skapte FSI nokre dødballar som til slutt ga uttelling.

1-1 kjem etter rot i heimelagets forsvar.

I det siste speleminuttet og eit augneblink av individuell hovudmist, ga me vekk eit heilt korrekt straffespark. «Forståsegpåerane» hevda det var det klåraste straffesparket som nokon gong hadde vore tildelt i Hafstadparken. Til Anga si glede klarte straffeskyttaren til FSI å brenne ballen med takeoff frå Flesland i retning Malaga over mål.

Pause i solsteiken og den kom neimen ikkje for tidleg. For dei mange frammøtte i Hafstadparken var nok vannspredarane i pausen meir underhaldande enn første omgang.

Pausepraten held me noko igjen pga. sensur og streng GDPR, men det var brei einigheit om at det ein hadde bestemt på førehand ikkje vart fulgt.

Det vart gjort fire byter i pausen.

Det snur litt kvalitetsmessig i 2.omgang og pasningane og bevegelsane sit litt bedre.(Pittelitt bedre). Etter nokre dødballar midtvegs i kampen tek Celic kommandoen i boks og sender Anga i leiinga etter ein utsøkt slått corner servert frå Nicco.
10 min seinare vert vi straffa for brot på midten og når begge sidebackane var på si ferd framover samtidig, måtte det berre gå gale. FSI kom på ein hurtig overgang der ein FSI spelar går heile vegen og set i lengste.

Då måtte vi tilbake i angrepssituasjon. Anga produserte nok dødballar på samlebånd til å selje seg til rikdom dei siste 15 minuttane. Samuel blir felt av ein ganske så aktiv FSI keeper på hjørnet av 16 meteren. Nicco igjen slår innlegget millimeterpresist til Harjo som headar ballen i krysset. Magisk skoring frå den rappfota festløva var det.

Anga heldt det heilt inn og vinn dagens kamp. Det var på inga måte noko god kamp, men me har tatt 6 poeng på forholdsvis to dårlige kampar og slik sett er det jo godt at ein vinn på dei dårlege og.

Banens beste er verken representert frå Anga eller FSI. I dag er eg mektig imponert over Vilde Mattevik Vilnes, som dømte kampen med stålkontroll! Dommar med glimt i auget og var nær i alle situasjonar. Kjekt at også det mykje omtalte blå kortet ikkje har vore så mykje som eit lite tema i dei to kampane me har spelt.

Takk også til kampvertane Jarle Øen og Kjartan Aarnes!

Neste kamp er tysdag 21.mai. Då reiser vi til Solkysten for å måle krefter mot Florø 4!!

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.