
Det var heller ikkje i dag noko særleg bedring spelemessig. Elendig, er hardt, men ei passande overskrift til dagens kampreferat, For;
tanngarden til trenar Arthur Norevik satt lausare i dag enn for ei dryg veke sidan. Timen til Tannlege Terje Fjellestad må bestillast noko omgåande.
I dag ville heller ingen blitt imponert over kva som vart prestert ute på bana. Samtlege Anga-spelarar hadde fint komt seg vidare i nordisk meisterskap i hauk og due. Riktignok Anga som duer, flaksande rundt som nokre villstyringar i halvfylla. Eikefjord krykkeforening sto for ordens skyld klar med hjelpeutstyr etter kampen for å berge kvar ein skrott som var att i kroppane til bortelaget.
For det var dårlig, fryktelig dårlig det som var prestert ute på bana. Det kom vel eit godt angrep i heile fyrste omgang og det var egentleg ikkje noko å sei på kvaliteten der, men dette druknar i heilheita som eit lite avsnitt i den 1100 siders boka om Ringenes Herre.
Dårlige pasningar, mottak, presisjon, og bevegelsar, har brent seg som djupe arr i sjølvtilliten til spelargruppa. Føler meg ganske sikker på at Anga no er på eit spelemessig botnnivå, som gjer at det er håp for både bedriftslaga til Turtagrø trekkspelklubb, Skjolden slakteri og Bjordal sagbruk og slå oss.
Referata er sjølvsagt kjekkare å skrive når ein vinn fotballkampar og eit ellers så sigersvandt lag må tåle nokre nedoverbakkar. Anga har ikkje Todd Boehly (Chelsea FC) som styreleiar og det spørs om ikkje Rolfen, Hjørneviken og co gir oss trenarar nokre veker til før hoggestabben inni Angedalen vert klargjort for nokre ferske hovud.
Det er vel egentleg ikkje så mykje meir å skrive heim om. Kampen i Florø vart ikkje det vi hadde håpa på. Håpet ligg no i å forbetre seg til neste kamp og med handa på Bibelen lyte vi berre love å brette opp ermane og komme sterkare attende.
God bedring til Sivert som desverre fekk skuldra ut av ledd og god bedring til Anga!
