Endeleg løsna det…

Men, det var ikkje tennene til Arthur Norevik denne gongen. Tannlekjar Fjellestad trengte dermed ikkje å rykke ut. Det spørs om ikkje Svelgen-målvakt Sigbjørn Hjortland burde vurdert å teke med seg eit flunkande nytt pulverapparat til denne kampen. Han plukka ut heile 10 ballar ut frå det brennande nettet.

Hjortland gjorde seg på inga måte vekk som brannvakt, der han forhindra moglegens 10 til, men det hadde nok vore lite pulver att på tanken etter oppvisningen til heimelaget.

For i løpet av dei 4 fyrste kampane har Anga gått i frå å vere vingeskåtne fjellryper til å faktisk levere glimrande fotball. Det sat noko meir i dagens kamp. Ting gjekk på skinner stort sett heile kampen og det vart produsert sjansar i fleng. Å sitte her i berre undikken og ta skoringane meir i detalj ført i pennen er tidkrevjande og underteikna er einig med seg sjølv i kveld; det hadde vore betre å tapt slik at referata fekk ein viss kontinuitet og kvalitet over seg. Referenten treng og spare ord til seinare høve.

Eg tykkjer riktignok synd i Svelgen som tek turen til Førde, råka av bemanningskrise og mangel på føte i fotballsko. Dei kom med det dei hadde, men gjennomfører kampen frå start til slutt på ein oppoffrande måte.

Tenkjer at eit lite snev av referata bør vere oppløftande lesing når ein vinn 10-0, men vert det derimot tap i neste, vert knivane slipt på ny. Me toppar såvidt tabellen på betre målforskjell, men er no på rette sida på korleis me ynskjer å stå fram.

Anga- Svelgen 10-0 (5-0)
1-0, 7.min Ivan Celik
2-0, 12.min Stian Viken
3-0, 25.min Anes Mahmuljin
4-0, 36.min Noah S. Fadnes
5-0, 38.min Sander Dvergsdal
6-0, 50.min Sander Dvergsdal
7-0, 61.min Sander Dvergsdal
8-0, 69.min Steffen Meiler
9-0, 80.min Sander Dvergsdal
10-0, 84.min Sander Dvergsdal

Anga: Marius Moe, Nicolai Knutson, Anes Mahmuljin, Ivan Celik, René Anthony Ekroll Haugen, Bernt M.Norevik (k), Sander Dvergsdal, Ørjan Øyren Harjo, Stian Viken, Noah Stranden Fadnes, Samuel Bahati.
Innb. Are Gunnar Korsvoll for Anes Mahmuljin (46), Elias Njøsen Hilding for Nicolai Knutson (46), Henok Samson Sereke for Ørjan Øyren Harjo (46), Steffen Meiler for Sander Dvergsdal (46).

Takk til Sondre Saltskår Dvergsdal som henta alt av ballar som flaug vegg i mellom. Ein fantastisk gut som er ein god representant for Anga FK. Det viser sitt prov på ekte idrettsglede og me er utruleg takknemlig for at du stilte opp.


Dagens dommar, Vilde Mattevik Vilnes får igjen skryt for dømminga og bør snart dømme i høgare divisjonar!

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.