Florø 3 – Anga FK 0-6

Mine damer og herrer – Vi får innleie dette referatet med å sei at kampen Anga leverte i dag var årsbeste!

For ordens skuld, referenten må rette ei sak. Tannlege Fjellestad ringte og gav grei beskjed at tanngarden til Norevik hadde han ingenting med. Tannlegen til Norevik heiter Laila Claussen, så er vi ferdig med den saken.

Tilbake til kamp. Anga kunne heilt enkelt førebudd seg til snorklemeisterskap enn fotballkamp i dag. Det ausa kattugla frå skyene og det var ikkje eit alt for voldsomt engasjement i reisefylgjet, men pytt sann!

Anga var meget lite bemanna i dag. Med 11 mann ved avreise var nok dei fleste einige om at det kom til å bli ein tung kamp.

Men, kva i helsike.? Are Gunnar Korsvoll, tårnet, legenden og ablegøyaren sjølv, kom springande inn til 2.omgang. Utruleg kjekt at han reiser heilt frå Førde for 45 minutt. Han fekk styre dei siste 45 som midtbanedirigent. Full kontroll og viser klasse i ein alder av snart 50 år.

1-0 Steffen raga høgast på corner frå Harjo Stanga inn eit kraftig hovudstøt.

2-0 Noah går på løp til linja og sender ein 45 vinkla pasning ut til Sander som knalla ballen utagbart i næraste kryss frå 17-18 meter. Rett og slett vakkert mål av Dolly-guten.

3-0 Kaptein Bernt Norevik får til ei nærast identisk skoring som på 1-0. Norevik headar inn på lengste etter ein aldeles nydelig slått corner frå Nicco.

4-0 Igjen, ein fantastisk slått corner frå Nicco treff Sander D og avsluttar klinisk med tåa.

5-0 Steffen puttar igjen etter corner frå Nicco. Vanvittig med tre assist på corner. Då har du god fot Nicco!!

6-0 Kaptein Norevik set punktum med straffeskoring etter at Henok vart fellt innafor.

Trenar Arthur Norevik : Ein godt gjennomført kamp av dei 12 som stilte opp. FSK 3 skapte veldig lite, og vi fortsette der vi slapp mot Svelgen. Vi lar ballen gjere det meste av arbeidet, men kan bli enno meir tålmodige i bearbeidinga av motstander.

Sjefen er fornøgd, spelarane er fornøgd og då set vi faktisk punktum for i kveld. Tabelltopp og 16-0 på dei to siste let seg svinge!! Trur det snart må nerme seg eit tap snart slik at vi får litt sving på dessa referata igjen.

NB! Det vart ikkje tatt eit einaste fotografi i dag. Linsehuset til eingongskameraet til Norevik senior var full av vatn.

KAMPFAKTA:

FSK 3 – ANGA 0 – 6 (0 – 3)
0-1 17.min Steffen Meiler
0-2 28.min Sander Dvergsdal
0-3 44.min Bernt M.Norevik
0-4 69.min Sander Dvergsdal
0-5 76.min Steffen Meiler
0-6 89.min Bernt M.Norevik str.
Anga: Marius Moe, Nicolai Knutson, Bernt M.Norevik, Elias Njøsen Hilding, René Anthony Ekroll Haugen, Sander Dvergsdal, Steffen Meiler, Ørjan Øyren Harjo, Henok Samson Sereke, Samuel Bahati, Noah Stranden Fadnes
Innb.
Are Gunnar Korsvoll for Henok Samson Sereke 46 min
Henok Samson Sereke for Samuel Bahati 65 min
Samuel Bahati for Noah Stranden Fadnes 80 min
Noah Stranden Fadnes for Ørjan Øyren Harjo 85 min.

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.