Ja, det vart oppskriftsmessig ein siger i dag og, men dagen i dag handlar meir om korleis me tek luven av Tempo sine glimrande kampreferat.
For, det er ikkje tvil, fotball er uviktig når desse skribleriane skal trykkjast. Prestisje om å ha det beste kampreferatet handlar om kløkt, forstand, innsikt og skjelmskheit. Referata skal vere subjektiv lesning, difor er forordet viktig å legge ekstra vekt på, sidan folk forventar noko morosamt.
Me vert nok anklaga for plagiat, men sidan det er Tempo, utfordrar vi dei på bruk av AI, desverre for oss tapar me denne. For med ord som #footballmatch, yellow jersey, Anga FK, Knutson with his ass against camera, så vert resultatet så banalt at det heile burde vore skrinlagt. Men sidan biletet vart generert, limar me detta inn for å skape eit heilheitleg inntrykk av referatet.
Tempo leverte diverre ikkje opp til navnet sitt i dag då dei kom sigande innover til Førde i kvar sin bil. Anga var i ferd med å avslutte oppvarminga då fyrste mann frå Tempo fann døra til garderoben. Labbande som nyfødde føll 15 min før kampstart verka ikkje ut til å pådra seg noko stress hjå bortelaget.
Men, Tempo møtte opp presis til avspark og det tel til sjuande og sist. Gjengen frå Florø har eit tungt, (målt i kg) og eit ganske aldrande lag, men det er alltid eit tøft lag å møte. Duellsterke og bra fyr på munnvikja leverer dei alltid kvittering på duellspelet.
NB! : På dei siste 7 kampane har Anga vunne SAMTLEGE mot Tempo, men det er målforskjellen som er oppsiktsvekkande. 41-8 lyder tala. Behøver ikkje å bety noko, men det måtte no inn det.
Anga derimot har Are Gunnar Korsvoll. Når han møter opp i 2.omgangane, så betyr det siger. Den sindige herren som alltid ser ned på deg (2.07cm) leverar alltid 3.poeng.
Anga mangla i dag sentrale spelarar som har spelt mykje i år. Samuel måtte steike pizza til Hesjastauren 4H og Steffen Meiler fekk ikkje levere eigenmelding til Førde sjukehus og måtte rett og slett jobbe som lege. Snakk om prioriteringar!
Bernt Norevik starta kampen i mål. Mangelen på keeper har ikkje hatt betydning enno og Bernt er tryggheita bak der. At han ristar på hovudet av og til er normalt, men eigentleg betyr det at han vil rive av hovudet på ein del som ikkje klarer å slå pasningar etter hans bok og etterlevingar i henhold til kravspekk. Pasningspelet var som det alltid bruka å vere på heimelaget, kort, i feil retning og inga mottakar. Hadde Anga vore Post i butikk, ville denne avdelingja vore nedlagde for månadar sidan.
Kampen i dag er såleis jevnspelt i 1.omgang. Anga med sjansane, Tempo med litt for mangen overgangar. Til tider verka Anga like stressa som Tyske turistar på veg ut frå Kiel-ferja i Oslo. Å måke ballar opp til ein einsleg Noah med to store tårnkranar i ryggen var heilt meiningslaust. Trur pina meg eg fant ei hjørnetann på sidelinja i pausa og. Sannsynligvis frå Norevik senior. Har moglegens tygd av seg ei tann i fortvilelse.
Anga gjekk riktignok oppskriftsmessig opp i leiinga ved Noah, men Tempo utlikna til 1-1 like etter. Det går som regel aldri lange tida før me klarar å dra på oss ein i mot. Som fulle sjømenn vaggande rundt med treklossar festa under skoa klarer ikkje Anga å forflytte seg raskt nok og Tempo får lagt inn eit skot som Norevik Jr. ikkje klarar å ekspedere ut frå firkanten sin.
Anga gjekk opp i leiinga ved Ivan Celic like etter. Eit flott mål, men klareringa/pasningen frå back og inn i ledig rom framfor 16-meteren frå Tempo får som regel aldri eit positivt skussmål. Celic hamrar ballen enkelt og utagbart for Tempo sin sisteskanse.
Pause på Hafstadparken. Pauseshow frå vannspredarane leverar alltid varene, men spelet frå heimelaget varma ikkje dei frammøtte. Det vart gjort ståande observasjonar at trenar Norevik 5.min før pause sat seg i hjørnet på innbyttarbenken med armane i kross. Det var nok ikkje pågrunn av byrjande gikt i knea.
Fleire byter vart gjort i pausen. Inn med superstjerna Alexander Lekva, Korsvoll som midtstoggar og Haugen som keeper. Sistnevnte som keeper måtte jo berre gå som det gjekk.
Tempo utlikna til 2-2 på ein corner, der det sannsynligvis er keeper Haugen som må ta noko av æra til at det vart mål. Like forfjamsa som ein struts med hovudet i jorda la han likevel skylda på ein medspelar. Godt løyst!
Herifrå og ut handla det meste om Anga. Henok puttar til 3-2, før mannen med dei kvitaste skoa på bana (Ørjan Pikenes Jens) auka til 4-2. Til slutt avsluttar Dolly-boy Dvergsdal kampen med å setje inn 5-2.
Kva då med Nicco Knutson? Var han i det heile tatt med oss i dag? Den no kommande Florøværingen hadde eit forsiktig innslag i dagens kamp i respekt for laget han skal no spele for. Ryktet på Coop-cafeen i dag handlar i dag om korvidt Knutson var Anga-spelar eller ikkje. Dei ellers så gode dødballane var heilt fråværande i dag og hadde ei rettare adresse til Jølstra enn på bakerste i Hafstadparken.
Uansett, ein ok gjennomkjøring. Vi toppar tabellen, med Tambar hakk i hel. Det vert haust før me er i gong att. 27.august er neste kamp og sannsynligvis med to månader fri vert det tøffe tak mot Tambar. Med ein og anna kulemage som har fått hard medfart i ferien vert det nok mykje kick and run.
Takk til kamovertane Rolf og Henning i dag og god bedring til dommaren som fekk seg ein liten vridning i ankelen.
Vi ynskjer samtidig Nicco lykke til med tilværelsen i Florø, men også Noah som no flyttar til Bergen ein periode. 👏👏
God sommar 🖐️