Anga med sjansebonanza av ein anna verden….

For sjølv med 5 mål skulle ein tru at dette var meir enn godt nok, men hjelpa meg for eit sjansesløseri. Ein overdriv slettes ikkje om ein seier at det burde stått 12-1 til slutt. Sjansane er feite men det var ufattelig ineffektivt. Trur enkelte hadde hatt utfordringar med å treffe ei låvedør på to meter slik sjansane forspelte seg i dag….

Referenten glimra med sitt fråvær i forrige kamps referat og eg legg slettes ikkje skjul på at eg var ufattelig skuffa og irritert etter tapet mot Tambar. Sjølv når ein snart nerma seg 40 er det mykje ambisjonar å spore i ein forelda kropp. Eg er ein ekstremt dårleg tapar, men verre er det å tape når eg føler vi er så mykje bedre….. Men;

Ny kamp i dag der sola skein innimellom rundt fjellarmen på Førdsnipa. Vi var spente på FSI sitt lag og det ryktast på førehand at dei hadde forsterka laget til hausten. Fortsatt var dei eit lag som fora seg på Protein shake, kreatin, veksthormon og det som anna er. Store sterke spelarar som sannsynleg har matpausen sin i treningsstudio. Dei har ein giga-stor tropp med mykje å velge mellom og i dagens kamp kom byttene like ofte som flyavgangane på Værnes lufthavn.

Så til sjølve kampen: Vi gjorde mangen endringar frå forrige kamp. Vi flytta Henok opp som spiss, noko som skulle vise seg å vere eit godt val. Etter 4 minutt er det gode kombinasjonar mellom Ivan og Kristian, der sistnevnte slår inn til Henok og breisidar ballen i mål. Eg hugsar fanden ikkje resten av måla, men Henok skora pina deg like godt eit til etter 20 min. Det var klasseforskjell på laga, både når det gjaldt ballbesittelse og sjansar. FSI fekk eit par halvsjansar i første omgang, men ikkje nok til å overliste Jone i mål.

Etter 38 min aukar debutanten Kristian Sunde til 3-0. Ein vanvittig god fotballspelar vi har fått inn, som ikkje for lenge sidan hadde minuttar for Jølster i Kretsligaen. Han kjem til å herje resten av sesongen.

3-0 står seg til pause og vi blir einige om å sleppe ballen litt kjappare. Det blir litt for mykje kosing med ball.

Vi var også voldsomt klar over at nye dosar med kreatin vart blanda inne i garderoben til FSI i pausen og at dei kom til å gi juling frå starten av 2.omgang.

Og…. Ja, og sjølv om vi er klar over det, så står vi litt komfortable i starten med handa på ***** og lar dei sette oss under høgare press. Kantane deiras som to arabiske hestar pesande i presset var veldig påskrudde i starten og dei fekk betalt for strevet. Me sørgar for eit flott sjølvmål og tenner eit unødvendig håp til FSI.

FSI prøver og flytte laget høgare etter målet, men det er då sjansebonanzaen for alvor tek til for Anga. Dei neste 10 minuttane brenn ein dei mest sinnsjuke sjansane ein kan tenke seg. Åpent mål, åleine med keeper to gonger, verdensklasseredning og ein fot som ikkje treff anna enn luft som hindra 1-4. Etter 61 minutt får Henrik Stavland (også ny på laget) avslutta etter ein fantastisk overgang. Samme mann set punktum til 5-1.

Herlig kamp med mangen utrulig gode ballspelarar på laget. Med litt meir førstetouch i pasningspelet er vi utruleg gode. I dag er vi tilbake og eg vil tru Norevik Sr. var fornøgd med prestasjonen.

Ørjan Øyren Harjo er sjeldan dårlig som venstrekant, men som venstreback var han heilt enorm!!

Neste heimekamp er tysdag mot Florø !!!4!!!. Eit lag vi tapte 1-0 borte men som vi definitivt skal revansjere.

Takk til ein veldig god dommer i dag.

Ein god debutant, Kristian Sunde som tidvis herja på kanten.

FSI – ANGA 1-5 (0-3)

0-1, 4 min, Henok
0-2, 20 min, Henok
0-3, 38 min, Kristian
1-3, 49 min, sjølvmål
1-4, 60 min, Henrik
1-5, 85 min, Henrik


Anga; Jone Fadnes, René Anthony Ekroll Haugen(k), Elias Njøsen Hilding, Jon Atle Heggheim, Ørjan Harjo, Sander Dvergsdal, Haakon Solheimsnes, Ivan Celic, Isak Pedersen Johannessen, Henok Heni, Kristian Sunde.

Innb. 46 min, Stian Viken for Henok Heni, 46 min, Henrik Stavland for Haakon Solheimsnes,
46 min Sivert Ulltang Birkeland for Isak Pedersen Johannessen,
65 min Haakon Solheimsnes for Kristian Sunde, 78 min Isak Pedersen Johannessen for Ivan Celic, 81 min Bernt M.Norevik for René Anthony Ekroll Haugen, 87 min Kristian Sunde for Sander Dvergsdal.
Gult kort 74 min Ivan Celic

Manager Norevik Sr. : I dag var fokuset å rette opp fadesen mot Tambar, tempo på ball og bevegelse var fokus. Vi var på frå start med bra balltempo og fleire bevegelsar samtidig. Allerede etter 4 min putta vi 1-0 etter fine kombinasjoner. Etter dette hadde vi god kontroll på kampen, og vi burde kanskje scora dobbelt så mange mål, men 5-1 «borte» mot FSI må vere godkjent ++

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.