Med fare for å bli i vel overkant høg på pæra er det lov og innleie referatet med at me verkleg er i dytten for tida. Etter fadesen mot Tambar har Anga hatt ei omkledning i teatergarderoben og funne fram mykje bra spel.
Sjølv om perfeksjonisten Arthur Norevik hadde satt pris på enda meir tempo på ball, mindre touch og hurtig angrepsvillig fotball er det liten tvil om at 6-0 er eit ganske så bra resultat.
Til dagens kamp var det tydeleg at Florø pakka piknik korga si med vel mykje reker og majones. Turane til Førde/Florø er sannynlegvis aldri kjekt for nokon av laga, men eg trur dei var veldig klar over at dei kom til å møte eit revansjesugent Anga lag som tapte vårkampen utruleg nok 1-0 borte.
Det var i grunn kun eit lag på bana i 1.omgang. Det var til tider mykje fantastisk spel og nykomponert forsvarslinje med 1 høgreback, 1 spiss, 1 midtbanespelar og 1 høgreving fungerte veldig godt.
Anga produserte sjansar på samlebånd i førsteomgang og skora 5!! mål på dei fyrste 35 minutt. Totaldominans frå heimelaget. Henok som også i dag fekk to nettkjenningar har seriøst imponert som spiss dei to siste kampane og er tidvis utruleg plasseringsklok i boksen. Den evigunge «Vikjen» fekk sitt andre mål for sesongen då han skrudde corner direkte i mål og når Ivan den store og Kristian Sunde aukar til 4 og 5-0 var me i gang med kalaset.
5-0 står seg til pause, men Hr.Norevik ville framleis ha meir. Me er einige om å spele enda meir direkte og redusere antall touch i 2. omgang, men;
2. omgangen blir regelrett ein liten fadese i forhold til omgang 1. For reisande med nattoget frå Flåm til Gol ville det vore meir underhaldande å telje antall tunellar enn å skue den andreomgangen som vart levert. Dei gjekk ikkje glipp av noko. Riktignok aukar me leiinga til 6-0 ved Ivan Celic og Jone Fadnes reddar ein straffe (verdsklasseredning), men resten er tullball, rot og dill dall dull!
Det ligg ein forbannelse over Anga i 2. omgangar mot Florø, men vi har enda meir å gå på spelemessig. Det skal også seiast til spelargruppa sitt forsvar at når ein spelar i 6.divisjon er det alltid moro å gå for litt solo-mission.
Meir positivt for Anga i denne kampen utanom 3.poeng og Tambar-Tap var at Florøværingjen Nicolay Knutson var attende til Sunnfjord. Ein viktig spelar for oss og dermed forsterkar han laget inn mot det som kanskje blir ein travel haust. (Han rakk også innom Spar før kamp og fekk sikra seg nokre grønboksar med prosentar i).
Neste kamp er borte mot Svelgen. Sjølv om dei ligg kun med to poeng er lag i 6.divisjon veldig uforutsigbare. Forskjellen på heime og bortekamp er enorm og ein lyt vere skjerpa for å unngå banalskall. Å undervurdere ein motstandar er veldig farleg.
Kommentar frå Arthur Norevik : Grei seier over FSK 4 i kveld og revansje frå 1-0 tapet i Florø i vår. I utgangspunktet skulle vi fortsette som mot FSI, balltempo og stor bevegelse. I 1.omg. gjorde vi det og fekk 1-0 ved Henok allereie etter 9 min. 2-0, 3 min seinare direkte på corner frå den evigunge Vikjen René. 3 mål til før pause frå Henok, Kristian, og ei frisparkperle frå Ivan. Dei første 15 min i 2.omg er også bra og vi kunne scora fleire enn det eine frå Ivan etter godt innlegg frå Steffen. Siste halvtimen er frustrerande å sjå på frå sidelinja, og det som skal seiast om den vart sagt i garderoben 😓 2.omgangs høgdepunkt var Jone Fadnes si kanonredning av straffen til FSK 4 👏👏
Laget: Anga; Jone Fadnes, René Anthony Ekroll Haugen,Bernt M Norevik (k), Stian Viken, Ørjan Øyren Harjo,Sander Dvergsdal, Steffen Meiler, Ivan Celic, Isak P. Johannessen, Henok Heni, Kristian Sunde. Innb. 25.min Nicolai Knutson for Harjo 46.min Sivert Ulltang Birkeland for Isak P. Johannessen 69.min Isak P. Johannessen for René A. E. Haugen
Kampfakta:
Anga – FSK 4 6-0 (5-0)
1-0 9.min Henok Heni
2-0 12.min René A.E. Haugen
3-0 23.min Henok Heni
4-0 25.min Kristian Sunde
5-0 35.min Ivan Celic
6-0 56.min Ivan Celic