Det tek no den tida det tek høyre du…

Ja, kritikarane i hopetal møtte nok opp på Olefine i Hafstadgarden i dag tidleg då det vart kjent at referatet ikkje kom ut i går kveld.. Det vart mange kringler og osteloffar som flaug veggimellom når pensjonistane blir halden for narr. Snytte for referat vart det også ein del trugslar i innboksen til underteikna.

Det tek no den tida det tek høyre du! Referenten og Norevik Sr. sto att i garderoben etter seieren og rydda garderoben og moppa heile golvet. På veg heim vart det «køyr-brems» syndrom der Norevik Sr. bak rattet han sat bremsa ein plass mellom 35 og 40 gonger fordi nokre forbipasserande hjortar ville ta seg ein kvil på asfalten. Turen gjekk riktignok fint, men da vart ikkje tid til å føre i pennen kl. 23.30. Så de må berre klappe atte!

Så til sjølve kampen. Favorittstempel fekk Anga trykka opp som logo på ryggen før kampen og me hadde vel også trua på det før kamp. Uansett er det alltid ein uhyggjeleg plass å kome til. Ikkje fordi plassen er ufin. Til og med Dr. Steffen Meiler var imponert over den flotte naturen i Svelgen. Nei, det var heller baneforholdet og kva lag Svelgen stillte med.

Eg trur ikkje underlaget på bana der ute er det dei er mest krye over i Svelgen. Du kan liksom sei at graset var ei blanding av å trakke på riskorn på kjøkengolvet berrføtt og føle at du «henge fast i golvet» når du drøymer at noko grufullt spring etter deg. Like baneforhold for begge lag sjølsagt, men det vart mykje løye dei fyste 10 minuttane.

Pasningane frå begge lag sto til 1 på børsen og ein årvåken tilskodar kunne konstantere at dei frammøtte var meir involvert i spelet enn spelarane på bana.

Me tek oppskriftsmessig leiinga ved Kristian Sunde etter 10 min. Han gjer alt sjøl egentleg og setter ballen i lengste og stang inn. Resten av måla hugsar eg ikkje og kan heller ikkje gå ut av referatet mens eg no skriv, så eg får legge ut kampfakta lenger nede.

Kva med Svelgen? Eit morosamt lag å møte. Godt humør, det smeller litt frå ein og anna munnvik og dei gir det dei makta, men desverre er det for lav intensitet og sannsynleg litt for lite O2. Derfor ville det nok ikkje vore ufortjent om me hadde vunne med kallassiffer.

Anga var frykteleg ineffektive, igjen.. Ein skulle jo tru med 5 mål, full kontroll i dei bakre rekker så skulle vel det vere ok, men føler me skulle hatt meir omsetting for sjansesløseriet.

Kampen er den nest siste for Anga i serien. No ventar 14 dagar til siste seriekamp, borte mot Tempo. Og når nabo Tambar vinn og spelar slik som dei gjer, lyt me ha 3.poeng i siste kamp. For ein thriller det kjem til å verte.

Banens beste vart Stian Viken som er vorten omskulert som midtstoggar. Ein posisjon som han har bekledd heilt utmerket. Aron Viken får sin debut og skorar to mål når han kjem inn. Me får brukt troppen godt og det er veldig mange gode fotballspelarar på Anga, der nokre også høyrer heime på eit heilt anna nivå.

Mi snakkast!

Kampfakta:

Svelgen-Anga 0-5 (0-2)

0-1 10.min Kristian Sunde 0-2 27.min Ivan Celic 0-3 66.min Steffen Meiler 0-4 74.min Aron Wiken 0-5 77.min Aron Wiken

Norevik Sr: Vi styrer det meste i denne kampen, men får ikkje heilt flyten på eit vanskeleg kunstdekke der spelarane følte at både ball og skotøy lugga. I første omgang hadde ikkje Svelgen skot på mål, medan vi treffte både tverrliggar og Svelgenkeeper, den siste mange ganger.2.omg fortsette med store sjansar, Steffen heada inn 3-0, før debutant Aron scora 2 kjappe og fastsette resultatet til 0-5. Svelgen var nær ved reduksjon då eit frispark treffte innsida av stolpen, men vi slapp med skrekken.Alt i alt ein grei borteseier.

Anga: Jone Fadnes, Nicolai Knutson, Stian Viken, Jon Atle Heggheim, René Anthony Ekroll Haugen (k), Sander Dvergsdal, Steffen Meiler, Ivan Celic, Sivert Ulltang Birkeland, Henok Heni, Kristian Sunde. Innb.18.min Henrik Stavland for Kristian Sunde 35.min Haakon Solheimsnes for Ivan Celic 46.min Aron Wiken for Henok Heni 46.min Isak Johannessen Pettersen for Sivert Ulltang Birkeland 68 min. Kristian Sunde for Steffen Meiler 85.min Henok Heni for René A.E. Haugen 87.min Sivert Ulltang Birkeland for Henrik Stavland Gult kort. 72.min Kristian Sunde

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettsiden vår.