I år vart årsfesten lagt på same dag som KM for senior vart avvikla. Anga stilte med heile 3 lag i år og ingen av laga gjorde seg vekk på noko måte.
Anga 3 samansett av dei yngste spelarane tapte første kamp, men leverte to gode kampar, men med 0-0 i begge kampar gjekk dei ikkje vidare. Flott innsats av unggutane.
Anga 2 var lag samansett av tidlegare stjerner på Anga. Dei fekk ein siger og ein uavgjort, men det holdt ikkje til å gå vidare.
Anga 1 var laget som gjekk lengst. To sigrar og eit tap holdt til beste 3ar lag og dermed avansement. I 8dels finalen vart det siger mot Sandane før det vart bråstopp mot eit veldig godt Bremanger i kvarten.
Ein kjempeinnsats frå alle lag!
På årsfesten fekk fleire prisar og merksemd.
Årets spelar 2024: Ivan Celic
Årets spelar av trenarane : René Haugen
Årets mål: Steffen Meiler
Årets toppskorer: Ivan Celic
Ellers fekk Arthur Norevik merksemd for si teneste som trenar. Han sluttar no etter to sesongar. Me takkar Arthur for ein framifrå jobb og ynskjer han lykke til vidare.
Ottar André Klopstad fekk merksemd for sitt arbeid gjennom keeperløftet, sin innsats på damelag og kretsarbeid. Ein skikkeleg dugnadskar!!